Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Annette Samuelsen snakkar for eit lydhørt publikum. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)

Ungdomspartia på besøk for å lære om internasjonale klimavarsel

Samprodusert klimaforsking og kapasitetsbygging i det globale sør.

Body

I regi av Tankesmien Agenda kom representantar frå leiinga i ni ungdomsparti til Bjerknessenteret for å lære meir om klimaforskning, klimapolitikk og klimaendringane si påverknad på låginntekstland.

Silje Lund Sørland, forskar ved NORCE og Bjerknessenteret, presenterar varsel for framtidige varmebølgjer over Afrika. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)
Silje Lund Sørland, forskar ved NORCE og Bjerknessenteret, presenterar varsel for framtidige varmebølgjer over Afrika. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)

Silje Lund Sørland, forskar ved NORCE og Bjerknessenteret presenterte CONFER-prosjektet, koordinert frå NORCE. I samarbeid med afrikanske ICPAC og ei rekkje andre institusjonar arbeider dei med sesongvarsel for 11 land i Aust-Afrika, eit område som dekker 365 millionar menneske.

Meir presise varsel for området kan redde bønder sine avlingar, styrke matsikkerheit og redusere skadeomfanget av flaumar – og i samarbeid med blant anna Røde Kors får ein ut varsla til folk i området.

Nyleg vart eit nytt Drought Watch lansert, som skal bu området på omfanget av tørke i dei komande månadane.

Annette Samuelsen, forskar ved Nansensenteret og Bjerknessenteret, presenterte EU-prosjektet TRIATLAS og Nansen-Tutu-senteret, eit internasjonalt samarbeid med partnarar i Europa, Sør-Amerika og Afrika, koordinert frå UiB.

Prosjektet tar blant anna mål på seg å tette kunnskapsgap når det gjeld påverknaden klimaendringar vil ha på fiskebestandar og marine økosystem i det tropiske og sørlege Atlanterhavet. I land der fiskebåtinfrastruktur ikkje er like forberedt på å reise lange avstander kan fisk på flyttefot få store følgjer for mattilførselen.

Eit av resultata frå prosjektet er open-source-tiltaket Shiny4SelfReport, som skal gi ein enkel måte for fiskarar å rapportere inn fangst og observasjonar av fisk i sine områder.

Øyvind Paasche, ved UiB, NORCE og Bjerknessenteret, presenterte Climate Futures. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)
Øyvind Paasche, ved UiB, NORCE og Bjerknessenteret, presenterte Climate Futures. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik)

Øyvind Paasche, seniorforskar og seniorrådgivar ved NORCE og UiB, presenterte Climate Futures, eit Senter for forskingsdriven innovasjon drive av NORCE. Senteret utviklar klimavarsling fra 10 dager til 10 år framover for handtering av klimarisiko i vær- og klimautsatte sektorar, blant anna landbruks-, shipping- og forsikringssektoren.

Sentralt ved fleire av desse prosjekta er samproduksjon med dei som faktisk skal bruke varsla, og kapasitetsbyggjing i det globale sør.

Nært samarbeid med brukarpartnarane både i Noreg og internasjonalt er ein viktig måte å få betre kjennskap til behova dei har, og kva dei faktisk trenger av informasjon og analyser. Arbeidet byggjer på mange tidlegare samproduksjonsprosjekt ved Bjerknessenteret og partnarorganisasjonane.

Politikarane frå Raud Ungdom, Unge Venstre, Kristelig Folkepartis Ungdom, AUF, Senterungdommen, Fremskrittspartiets Ungdom, Unge Høgre, Grønn Ungdom og Sosialistisk Ungdom stilte så spørsmål til forskarane om blant anna kven varsla går til, kor sikre forskarane er på modellane sine, metning av CO2 i land, klimaretorikk i dagens politiske debatt, og karbonopptak i skog.