Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Historisk skattereduksjon som indikasjon på klimaendringar

Historiske skattedokument gjev ein framifrå dokumentasjon på kva som skjedde før og etter at breane på Vestlandet byrja å gå fram på slutten av 1600-talet og byrjinga av 1700-talet, under den såkalla ’vesle istida’.

Body

Av: Professor Atle Nesje, Bjerknessenteret for klimaforskning og Institutt for geovitenskap, Universitet i Bergen og forsker Øyvind Nordli, Meteorologisk institutt. Også publisert i Klima 4-09 .

 
 Figur 1. OMRÅDE. Satellittfoto over Sunnfjord og Nordfjord (NASA World Wind).


Skatteoversiktar og landleigedokument frå 1600- og 1700-talet gjev innblikk i dei økonomiske konsekvensane naturskadar førte til.

Skade frå veksande brear

Den tidlegaste naturskaden knytt til veksande brear som er nemnd i historiske dokument, var i 1684. To bønder på gardane Grov og Bergset i Krundalen, ein vestleg sidedal til Jostedalen (Figur 1), fekk øydelagd beiteland og dei måtte i retten fordi dei ikkje var i stand til å betale skattane dei var pålagde (Indre Sogn Fogderi Tingbok 14, 1684). Breane rundt Jostedalsbreen var i vekst og dei fleste breutløparane nådde deira største utbreiing etter siste istid på midten av 1700-talet. Gardar som låg nær opptil brearmane vart påført direkte skade av breane og ved at breelvane førte store mengder lausmasse utover beiteland og dyrka mark (Rekstad, 1902; Hoel og Werenskiold, 1962).
 

Fastsetjing av landskyld

Landskylda var den årlege leiga ein leiglending skulle betale for garden han brukte. Synonyme omgrep er skyld og bygsel. Landskylda var òg utgangspunktet for den skatten som skulle betalast for kvar gard. Skylda (då ofte kalla skatteskylda) var derfor eit omgrep for alle matrikulerte bruk, både for leiglendingsbruk og sjølveigde bruk. Omgrepet er brukt i Landslova til Magnus Lagabøte (1238-1280). Frå 1500-talet var landskylda ei fast avgift som berre kunne regulerast ved offentleg skyldsetjing.

Fastsetjing av landskyld

Landskylda var den årlege leiga ein leiglending skulle betale for garden han brukte. Synonyme omgrep er skyld og bygsel. Landskylda var òg utgangspunktet for den skatten som skulle betalast for kvar gard. Skylda (då ofte kalla skatteskylda) var derfor eit omgrep for alle matrikulerte bruk, både for leiglendingsbruk og sjølveigde bruk. Omgrepet er brukt i Landslova til Magnus Lagabøte (1238-1280). Frå 1500-talet var landskylda ei fast avgift som berre kunne regulerast ved offentleg skyldsetjing.

I Nord-Noreg vart skylda betalt med tørrfisk og rekna i våg (omlag 18 kg). I andre distrikt vart skylda rekna i korn, smør eller huder. Før Svartedauden i 1349 var det ein fast verdi for eit stykke land når det vart kjøpt, seld eller arva. Landskylda var ulik for kvar gard eller kvart bruk. Frå midten av 1500-talet kunne ikkje landskylda verte endra utan ei offentleg vurdering. Ifølgje ei befaling stadfesta av Kong Christian III publisert i 1539, skulle landskylda betalast i form av korn, slakta dyr eller skinn i høve til produksjonen på garden og etter ei vurdering gjort av seks menn (Paus, 1751: 292-293). Etter 1557 kunne landskylda verte endra berre etter ei offentleg vurdering (Holmsen, 1961: 154). I 1644 vart hovudskatten, leiglendingsskatten, gjort avhengig av landskylda, men landskylda gjenspegla ikkje lenger direkte produksjonen på den einskilde garden. I 1670 vart det innført eit heilskapleg system. Både landskylda og den skattbare verdien, skatteskylda, vart vurdert etter kor mykje storfe ein hadde gjennom vinteren og kor mykje korn som vart sådd og hausta. Ei fastsetjing av produksjonen på det einskilde bruk i Sunnfjord vart gjort i 1667 som ein del av ein generell skatt eller matrikkelkommisjonar haldne i perioden 1665-70 for å fastsetje skattane for heile Noreg, unnateke Finnmark.
 

La vekt på naturskaderisiko

Når kommisjonen gjorde sine vurderingar, la dei vekt på om garden var utsett for naturskade som til dømes flaum og jordskred. Den andre runden med matrikkelkommisjonar vart haldne i 1722-24, då alle gardane vart vurderte på nytt. I Sunnfjord var skattbar verdi uttrykt i form av vekt av smør eller fisk. Eininga var ein  laup tilsvarande 18 kilo eller tre bismarpund – der ein bismarpund tilsvararar 24 merker. På siste halvdel av 1600-talet vart det mogleg å betale skatten i form av pengar, men i 1670 var det enno vanleg å betale med varer. Gradvis utover på 1700-talet vart det vanleg å betale skatten med pengar. I Sunnfjord var ein laup smør verdsett til to riksdalar.
 

Klima og mindre avlingar

Eit fogderi var ei administrativ eining som tilsvarar om lag eit fylke i dag. Kvart fogderi var delt inn i fleire skipreider, som igjen var delt inn i to eller fleire prestegjeld. Folketalet i Vest-Noreg sokk kraftig etter Svartedauden og som eit resultat av klimaendringar som førte til mindre avlingar på 1300-talet og varierande mengder fisk fanga utanfor kysten. Den første folketeljinga var i 1801, men ifølgje utrekningar var det totale folketalet rundt 180.000 i 1520 og 450.000 i 1665 (Hovstad, 1971). I Vest-Noreg skjedde busetjinga etter Svartedauden frå kysten og innover i landet. I Jølster skipreide i indre Sunnfjord (Figur 1) var det registrert to gardar i 1520 og 37 gardar og 52 bruk i 1563. I 1590 var der 53 gardar med 95 bruk og i 1631 var der 60 gardar med 238 bruk. Ekspansjonen var no over, for i 1647 var der 59 gardar med 242 bruk og i 1667 var der 61 gardar med 277 bruk. I 1667 var det i alt 774 gardar i Sunnfjord fogderi. Svært få av dei låg over 200 meter over havet og ingen over 400 meter over havet. Det var ingen tettstader, og mesteparten av gardane var oppdelte i bruk, kvart med sine bygningar. I denne delen av Noreg låg hovudbygningane tett saman i klyngetun. Jorda gav lite avkastning.
 

Beiteland og høy

På garden Dvergsdal ved Jølstravatnet sådde dei 22 tønner – der ei tønne tilsvarar 139,4 liter – med havre i 1667 og dei hausta 81,5 tønner, sjølv om denne firedoblinga var meir enn gjennomsnittet for regionen. Nokre gardar fekk mindre enn ein tredel att. Alle gardane var avhengige av husdyr, men dei fleste måtte ha fisk i tillegg for å greie seg. Dette går fram i vurderinga av garden Dvergsdal i 1667 som hadde ein Leidang –  ein gamal skatt kjend frå 1100-talet – på fem lauper smør, ein halv våg talg og fem geiteskinn. Ein våg utgjorde tre bismarpund eller 17,932 kilo. Ein laup smør var i Sunnfjord like mykje verd som to skinn eller fire sauer. 1,5 laup var like mykje verd som ei ku. Beitelandet var det mest produktive området og høy den avlinga som verkeleg betydde noko. Det livsviktige var kor mange husdyr som overvintra.
 

Dokumentasjon frå før brevekst

Matrikkelkommisjonane opererte i Sunnfjord i 1667 og 1723. Tretten ulike opplysningar – mellom anna om husdyr, avling, skog, beiteland, kverner, fiskeri –  vart samla inn frå kvar gard. Dei innsamla opplysningane vart likevel ikkje tekne i bruk, men dokumenta gjev ein framifrå dokumentasjon om kva som skjedde før og etter at breane byrja å gå fram på slutten av 1600-talet og byrjinga av 1700-talet.
 

Mindre beitemark og færre husdyr

Kvart prestegjeld opplevde ein stor nedgang i talet på husdyr mellom 1667 og 1723. Av 19 prestegjeld i Sunnfjord hadde seks ein nedgang på mindre enn 15 prosent, medan åtte prestegjeld hadde ein nedgang på meir enn 20 prosent. I Holsen prestegjeld var nedgangen heile 33 prosent. Det er verd å merke seg at dei prestegjelda som hadde dei beste beitemarkene var dei hardast råka. Kraft (1830: 847-9) skreiv at Jølster hadde dei beste beitemarkene i distriktet, følgd av Holsen og Haukedalen, begge i Førde skipreide. I prestegjelda i Nordfjord var situasjonen verre. Fem av seks prestegjeld hadde ein reduksjon i talet på husdyr på 20 prosent frå 1667 til 1723. Den mest dramatiske nedgangen – på 39 prosent – var i Olden. Gardane her hadde få sætrar dei kunne ha husdyra på om sommaren. Eit av unntaka var garden Tungøen, som saman med nabogarden Aabrekk hadde beiteland i Brenndalen, ein liten sidedal inn mot Jostedalsbreen i aust (Figur 1).
 

Råka av ras

 

Figur 2. BREV. Kopi av originaldokumentet der Martinus E. Bødal skriv om hendingane på garden Tungøen i Oldedalen i desember 1743. Martinus E. Bødal (1819-1904) var tipptippoldefar til førsteforfattaren.


I 1685 hadde Brenndalsbreen byrja å vekse, og i 1732 dekte breen heile dalen og fronten stod langs kanten av ein fjellhammar rett over husa på Tungøen. Den 12. desember 1743 vart gardstunet til garden Tungøen råka av eit ras frå Brenndalsbreen som då låg heilt fram på fjellhammaren ovanfor husa. Alle bygningane, folk og husdyr vart sopa vekk. Berre ein dreng som då var soldat, ein 12 år gamal gut og to kyr overlevde. Lærar Martinus E. Bødal som budde på garden Melheim i Olden, skreiv ned følgjande om Tungøen (sjå Figur 2): «1734 Stor Skade på Tungøen i Oldedalen ved Elveløb fra Blaabreden. 1743 Den 12 December udtog atter Tungøen af samme Tilfelde med Folk og Fæ og Indbo. Kun en Soldat som tjente der blev reddet samt en Gut ogsaa blev reddet. Den gutten hedde Knud og var fra Rødi i Lodalen. 1744 Var der Skifte efter Gullak Tungøen og Kone. Kun 2 bedervede Kyr á 4 Mark hver, 1 Fjørpudde, 2 Væster, 1 Par Hoser, 1 Kvitel  og 2 Forklæde og 1 Sok var i Behold. 1661 foredes paa Gaarden 44 Naut og 2 Hæster».

 

 

 

 

Økonomisk tilbakeslag

 

 

Det er liten tvil om at reduksjonen i talet på husdyr mellom 1667 og 1723 skuldast eit økonomisk tilbakeslag, mest truleg på grunn av endra klimatiske tilhøve (Grove og Battagel, 1983: 271). Då matrikkelkommisjonen reiste rundt om i bygdene i 1723, fann dei at nokre gardar låg svært utsett til med omsyn til naturskade, spesielt i Olden og Oppstryn i indre Nordfjord. I 1723 vart omlag 70 prosent av gardane klassifiserte som utsette for naturskade og i perioden 1667 til 1815 var omlag 75 prosent av gardane påførte naturskade. I Oppstryn vart rundt halvparten klassifiserte som utsette for naturskade i 1723, medan omlag 60 prosent var utsette for naturskade i perioden 1667-1815 (Grove og Battagel, 1983). Figur 3 syner rapporterte naturskadar som førte til avtak i skylda – eller reduksjon av skatten – i områda rundt Folgefonna, i Sunnfjord og i Nordfjord (Grove og Battagel, 1983). Figuren syner at dei fleste naturskadane skjedde i perioden 1650-1760.

Figur 3. NATURSKADAR. Rapporterte naturskadar som førte til avtak i skylda (skattereduksjon) i områda rundt Folgefonna, i Sunnfjord og Nordfjord (etter Grove og Battagel, 1983).


Litteratur

  • Grove, J.M. og Battagel, A. (1983): Tax records from western Norway, as an index of Little Ice Age environmental and economic deterioration. Climatic Change 5, 265-282.
  • Hoel, A. og Werenskiold, W. (1962): Glaciers and Snowfields in Norway. Norsk Polarinstitutt Skrifter 114, 291 s.
  • Holmsen, A. (1961): The transition from Tenacy to Individual Peasant Ownership in Norway. Scandinavian Economic History Review 9, 152-164.
  • Hovstad, H. (1971): Pest og Krise. Den Norske Turistforenings Årbok 33-39 og 41-49.
  • Indre Sogn Fogderi Tingbok 14a, 1684 (Fol.38-38b).
  • Kraft, J. (1830): Topografisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Noreg 4, 962 s.
  • Paus, H. (1751): Gamle Forordningar og Privilegier udgivne for Kongeriget Norge II.2, København, 1108 s.
  • Rekstad, J. (1902): Iagttagelser fra bræer i Sogn og Nordfjord. Noregs Geologiske Undersøgelsers Aarbog fra 1902, 3, 9-45.