Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Det andre møtet i samarbeidet vart arrangert 26.-27.august. 

Bringer saman helse og klima

Korleis påverkar klima helsa vår? Og omvendt? For å finne fleire svar samla Pandemisenteret ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret kollegaer som ynskjer å finne koplingar mellom klima og helse, for å utvikle forskings- og utdanningsprosjekt.  

Body

-Vi har samla nokon av dei beste og mest dedikerte personane innan tema klima og helse. Vi har representantar frå Det medisinske fakultet ved UiB, Det psykologiske fakultet, forskarar frå ulike felt på Bjerknessenteret og representantar frå Bergen kommune. Det er ikkje kvar dag vi samlar slik kompetanse. Dei er engasjerte og ynskjer å gjere framsteg, seier leiar på Pandemisenteret Esperanza Diaz.  

Idèmyldring

I samarbeidet har dei gått gjennom kva type ekspertise dei har, for å kunne sette saman unike grupper av forskarar og andre viktige bidragsytarar. Målet er å finne den beste vegen vidare og få finansiering til nokre av prosjekta. På den andre samlinga, jobba dei i grupper for å diskutere ulike problemstillingar og spennande tema som bør undersøkjast vidare. Direktør ved Bjerknessenteret Kikki Kleiven er begeistra for samarbeidet.  

Meeting

-Altfor lenge har klima- og helseforsking eksistert skild frå kvarandre i siloar. Å slå saman desse vil vera ein styrke. Ved Bjerknessenteret har vi diskutert korleis vi kan utvide vår strategiske forsking og bli endå meir relevante for samfunnet, og kombinasjonen av helse og klima står høgt på vår agenda. Noreg er mindre sårbart og betre rusta enn mange andre land til å handtere konsekvensane av klimaendringar, men ekstreme hendingar som hetebølgjer, flaum, jordskred og tørke aukar, også her til lands, og påverkar helsa vår både direkte og indirekte. Klima og helse står på den internasjonale agendaen, på EU-agendaen og blir stadig viktigare også i Noreg. Vi bør vera ein del av denne forskinga og ideelt sett leia den saman, seier Kleiven.

Håpar på midlar

Professor ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret, Noel Keenlyside, ynskjer også at fleire yngre forskarar blir med i arbeidet om helse og klima.  

-Samfunnet reagerer ikkje på klimatrusselen fordi dei ikkje føler seg trua, men ved å knytte det til helse kan vi kanskje få ein respons frå samfunnet. I tillegg er det interessant å sjå på klima og helse for å forstå korleis jorda fungerer som eit system. Alt er kopla saman, seier Keenlyside.

Meeting