Hopp til hovedinnhold

Med Lars Monsen på Folgefonna

På NRK i helga guidar Jostein Bakke Lars Monsen oppe på den kvite snødekte nasjonalparken Folgefonna

Publisert 26. mars 2026

Jostein Bakke er professor i geologi og kjentmann på Folgefonna. I juni 2024 var han på tur med Lars Monsen og filmteamet frå NRK oppe på breen. Foto: Privat

Jostein Bakke er professor i geologi og kjentmann på Folgefonna. I juni 2024 var han på tur med Lars Monsen og filmteamet frå NRK oppe på breen. Foto: Privat

I NRK-serien Monsen & nasjonalparkene går denne helga episoden «Folgefonna – Været bestemmer», der Jostein Bakke og Lars Monsen får motbør på tur. 

Jostein Bakke er professor ved Institutt for geovitskap på UiB og Bjerknessenteret, og kjenner Folgefonna svært godt etter mange år med kartlegging av breen og terrenget under. 

I juni 2024 var Jostein Bakke på tur med Lars Monsen i tre dagar oppe på Fonna. Det vart tre dagar med mykje snø og dårleg vær. Folgefonna er vakse opp av den nedbøren som resten av Vestlandet kjenner som øspøs regn, og kan lett få store mengder snø i løpet av ein månad. 

Vart overraska då skisenteret forsvann

Om breen veks eller trekker seg tilbake, kjem an på balansen mellom mengden av ny snø og kor mykje som smeltar om sommaren. Men det er også andre faktorar som avgjer kvar isen trekk seg tilbake. Om det dannar seg vatn ved foten av isen, kan det lett skje noko. 

– Når vatnet først kjem fram, går det veldig fort, seier Bakke. 

– Vatn som dukkar opp langs kanten av breen gir ein peikepinn på kvar breen kan trekke seg tilbake. 

Eit godt døme på dette, er korleis breen ved Folgefonna skisenter kollapsa i fjor, i varmen i juli. Då Bakke var der året før, kunne ein sjå ein liten vasspegel ved foten av breen. Men fonna låg tjukk nedetter og gav ikkje teikn til stor endring. Så kom sommaren 2025. 

I løpet av ein svært varm sommar, kollapsa nær heile brearmen som skisenteret stod på. I dag står det framleis trakkemaskiner i fjellsida og kollapsa master frå skitrekket. 

– Det gjekk overraskande fort. Det såg ikkje ut til at det skulle utvikle seg så raskt, berre eitt år før. Men det som skjer når brearmen flyt på vatn, er at den byrjar å kalve. Då kan det gå fort, seier Jostein Bakke. 

Avkutta brearm 

Jostein Bakke viser ein dronefilm frå august i fjor. Øvst oppe i lia ser ein taggete fjell som stikk opp før ein kjem opp på Folgefonna bakom. Dei taggete steinlinene er det som gjer at det no ser vanskeleg ut for skisenteret.