Klimaproblema er så komplekse at dei ikkje kan taklast av ekspertar frå berre eitt felt. Å samarbeide på tvers av sektorar og fagfelt er nødvendig, både når det gjeld tilpasning til framtidige endringar og tiltak for å unngå dei.
– Til dømes så veit eg noko om forventa endringar i nedbør, seier Erik Kolstad, forskar i klimadynamikk ved NORCE og Bjerknessenteret. – Men eg veit ikkje korleis det kan omsetjast til flom i ei lita bygd i ein fjord. Og eg veit ikkje korleis bygda skal halde fram for å førebu seg på nedbøren og flomendringane.
Saman med Scott Bremer, miljøpolitisk forskar ved UiBs Senter for vitskapsteori, organiserar Kolstad eit femdagars kurs – Challenges in Co-production of Climate Adaptation Research (C3AR), på Kaardal Fjellstove på Mjølfjell. Begge er tilknyttet UiBs Senter for energi og klimaomstilling (CET).
– Det eg kan gjere er å tilby informasjon som kan bli brukt av andre ekspertar. Men faren for at eg ikkje gir all informasjonen dei trenger er til stades, difor trengst dialog og samproduksjon, seier Kolstad.
![Flom i Sogna juli 2007. Foto: Tom Bjørnstad, via Wikimedia Commons](/sites/default/files/inline-images/sogna_i_flom_juli_2007_024.jpg)
Tjue studentar, verkelege eksempel
Tjue deltakarar, masterstudentar, ph.d.-kandidatar og forskartalent – på tvers av naturvitskapen, samfunnsvitskap og humaniora – deltek på kurset.
Studentane arbeider saman med deltakarar frå tre kommuner og eitt fylke – Jølster, Osterøy, Voss og Hordaland – med erfaringa frå tidlegare klimatilpasningsprosjekt som HORDAKLIM og CALENDARS, samt Klimathon, for å vise nytta av tett samarbeid mellom forskinga og lokale statlege utøvarar for å framskaffe kunnskap ein kan handle frå.
– Målet er å gi dei ferdigheitene til å kommunisere med statlege utøvarar, gi forslag, og evaluere andre folk sine forslag, seier Kolstad, som gler seg til den praktiske tilnærminga.
– Det som begeistrer meg er moglegheita til å gå i djupna på eit problem. Eg håper å kunne lære mykje frå studentane og dei andre instruktørane, både i arbeidsgrupper, over måltid, og i vår «walkshop».