Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Ny doktorgrad

49 results

Nye trugslar for kystlyngheia

Nye trugslar for kystlyngheia Anonymous (ikke bekreftet) ons, 12/15/2021 - 10:00 Nye trugslar for kystlyngheia Siri Vatsø Haugum disputerer 15. desember 2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Land-use and climate impacts on drought resistance and resilience in coastal heathland ecosystems".

Dei norske kystlyngheiene er under sterkt press grunna omleggingar i landbruket. Opphøyr av tradisjonelle skjøtselsmetodar som lyngsviing er den viktigaste årsaka til at dette gamle og tradisjonsrike kulturlandskapet står i fare for å forsvinne.

På toppen av dette gir klimaendringane nye utfordringar for livet og økosystemtenestene i kystlyngheia. I 2014 førte ei langvarig vintertørke til massedaud av røsslyng langs Trøndelags- og Helgelandskysten, etterfølgt av valdsame villbrannar i den knusktørre vegetasjonen. Sjølv om Noreg vil få meir nedbør i framtida, er denne nedbøren skeivt fordelt. Det betyr at flaum og ekstremnedbør blir vanlegare - men også lange og intense tørkeperiodar.

I doktorgradsarbeidet sitt har Haugum studert om måten bonden steller kystlyngheia påverkar kor store svingingar i nedbørsmønster vegetasjonen og dei store karbonlagra under bakken toler. Vidare undersøker ho korleis kystlynghei med omfattande tørkeskade kan restaurerast tilbake til god økologisk tilstand.

For å svare på desse forskingsspørsmåla har Haugum nytta to store felteksperiment langs norskekysten. Det første eksperimentet har installasjonar som reduserer nedbøren og skapar kunstig tørke i seks kystlyngheier i Nordhordland, Nord-Trøndelag og på Helgelandskysten. I det andre eksperimentet har tradisjonell lyngsviing blitt utført i sju kystlyngheier frå Sotra i sør til Tjøtta i nord, der røsslyngen hadde omfattande tørkeskade før sviing.

Avhandlinga syner at tradisjonell bruk av kystlyngheia er den beste måten å sikre at vegetasjonen og karbonlagra toler meir ekstremver. Fordi gamal lyng er meir utsett for tørkeskade enn ung lyng, bør ein unngå å ha store, samanhengande områder med gamal lyng i landskapet.

Dersom eit større område er tørkeskada er lyngsviing eit godt restaureringsverktøy. Samstundes er spiringa av nye plantar etter brann sårbare for tørke, og ein bør svi mindre områder av gangen for å spreie risikoen for dårleg tilbakevekst av dei viktigaste artane.

Tid og stad for disputas

Tid: 15.12.2021 - 09.30–12.30

Sted: Zoom Webinar

Personalia

Siri Vatsø Haugum er utdanna økolog ved Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet er utført som ein del av NFR-prosjektet LANDPRESS. Vigdis Vandvik (UiB), Liv Guri Velle (Møreforsking Ålesund) og Richard J. Telford (UiB) har vore rettleiarar.

Kristine Flacké Haualand disputerer 10.6.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Influence of Diabatic Effects and Tropopause Structure on Baroclinic Development".

Fanny Ekblom Johansson disputerer 24.03.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Glacial and Extreme Flood variability during late Holocene and into the Future – Studies from Folgefonna in south-west Norway and Ata Sund in west Greenland"

Lisa Griem disputerer 18.3.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Ocean circulation changes off southern Greenland during the abrupt climate events of mid-to-late MIS3".

Leonidas Tsopouridis disputerer for doktorgraden med en avhandling som undersøker rollen til Golfstrømmen og Kurioshi-strømmen i utvikling av sykloner. 

Johannes Sandanger Dugstad disputerer med en avhanding om havstrømmer og varmetap i Lofotenbassenget.