Mandag 2. august starta Erlend Moster Knudsen på dei vel 3000 kilometrane gjennom Noreg på vegen mot Paris.
I dag torsdag er han i mobil skygge på Senja, før han når Andøya på lørdag. Følg ruta her
I prosjektet Pole to Paris spring klimaforskaren frå Tromsø til Paris, medan kamerat og kollega Dan Price syklar frå Australia til Paris. Price byrja sin tur i februar og er no i Bangladesh.
Målet med prosjektet er å skape merksemd og medvisse kring det internasjonale klimatoppmøtet i Paris i desember i år. Langs ruta har både Erlend og Dan innlagte stopp med klimaforedrag.
I den nordlege delen av Pole to Paris spring Erlend frå Tromsø til Bergen i perioden august - oktober, og deretter frå London via Brussel til Paris i november. Norge på langs-turen til Erlend stoppar i Bergen i oktober med ein klimakveld i samarbeid med Bjerknessenteret.
Sjå innslag frå startarrangementet på Polaria i Tromsø hos TV2 og NRK
Erlend Moster Knudsen avla si doktorgradsavhandling i klimadynamikk på UiB og Bjerknessenteret i mars i år. Les meir om hans doktorgradsarbeid her: Nordpolens skjebne berører været vårt.
Les også: Med joggesko frå Tromsø til Paris
Følg Pole to Paris på Facebook, Twitter og Instagram