Understanding climate
for the benefit of society

Studentar i biloogi og oseanografi dreg på årlege studenttokt til Masfjorden. Vassprøvane henta opp får desse tokta har gitt ei lang dataserie, som viser at botnvatnet stadig sjeldnare vert skifta ut. Foto: Elin Darelius. 

Vatnet langs Norskekysten blir lettare 

Vatnet på botn av Masfjorden har ikkje blitt skifta ut sidan 2011. Ny forsking viser at vatnet langs Norskekysten vert lettare. Det er dårleg nytt for vasskvaliteten i visse fjordar.

Body

– Botnvatnet frå Haugsværfjorden luktar rotne egg, seier Elin Darelius, førsteamanuensis ved Geofysisk institutt, UiB og forskar ved Bjerknessenteret.

Haugsværfjorden er den eine av dei to fjordarmane inst i Masfjorden. Oksygenet i vatnet er brukt opp, det er mange år sidan vatnet nedst i fjordbassenget inne er skifta ut.

I dei djupe fjordane langs Vestlandet, vert vatnet på botn av fjordbassenga innestengt av fjordterskelen lengst ute mot kysten. Om ikkje vatnet vert skifta ut, vil oksygenet i vatnet over tid bli brukt opp, og vasskvaliteten vert dårlegare.

Kor ofte vatnet i fjordbassenget vert skifta ut, varierer frå fjord til fjord. Nokre stader går det berre eit par veker, andre stader fleire år. Masfjorden nord for Bergen, er ein fjord i den siste kategorien.

– Kor ofte ein får ei utskifting, handlar både om kor effektivt lett vatn blandast ned i fjordbassenget, i tillegg til kor stor variasjon det er på tettleiken i vatnet langs kysten, fortel Darelius.

skisse fjordterskel
skisse over fjordterskel og tungt vatn som renn inn i fjordbassenget
Ferskvatn er lettare enn saltvatn. Difor flyt smeltevatn og elvevatn i fjordane øvst, og ferskvatnet blandar seg over tid nedover i fjordbassenget. For å få skifta ut vatnet i fjordbassenget, må vatnet ute ved fjordterskelen vere tyngre enn vatnet i fjordbassenget, slik at det strøymer inn i fjorden. Illustrasjon: Elin Darelius

Stilleståande vatn

Elin Darelius har undersøkt data frå åtte hydrografiske stasjonar langs Norskekysten, tilbake til 1930. Tettleiken vatnet har på eit gitt djup, varierer frå måling til måling. Det heng saman til dømes med kva retning vinden bles frå. Om kystvatn som er tyngre enn vatnet i fjordbassenget, kjem opp til nivået der fjordterskelen er, kan det renne over og inn i fjordbassenget. Då får ein ei utskifting i fjorden.  

Men observasjonane frå seks av dei sørlegaste stasjonane viser at vatnet ved terskelnivå ikkje like ofte før får like høg tettleik, det er ikkje tungt nok til å renne over fjordterskelen. Etter 1990 er det ein synkande trend – og det er dårleg nytt for vasskvaliteten i mange fjordar.

Darelius har satt observasjonane inn i ein statistisk modell, som no er publisert i tidsskriftet Estuarine, Coastal and Shelf Science.

Elin Darelius skriv sjølv om forskninga på bloggen (engelsk)

Det er fleire element som påverkar tettleiken i vatnet. Varmare vatn er lettare, og når vatnet i havstraumane nordover langs Norskekysten vert varmare, vert det også lettare. Eit anna element er vindretning ved kysten. Nordavinden dreg overflatevatnet vekk frå kysten og tyngre vatn frå djupet, vert løfta opp.

Først når ein har rette forhold i vassmassane på kvar side av fjordterskelen, vert vatnet inne i fjordbassenget skifta ut.

 

Tilfellet Masfjorden

For Masfjorden viser resultatet at det i gjennomsnitt går to år lengre mellom kvar utskiftning av botnvatn i Masfjorden, og at det no er seks gongar større sjanse for at vatnet blir meir enn ti år i fjorden no, enn før 1990.  

Sist botnvatnet i Masfjorden vart skifta ut, var i 2011. 


– Data frå tokt no tidleg i juni, viser at det ikkje har vore utskifting i fjorden så langt i år. Oksygenkonsentrasjonen er i dei djupaste delane av fjorden på det lågaste nivået som er målt sidan 1975. I Haugsværfjorden er det ikkje oksygen i botnvatnet det heile, seier Darelius.

I Masfjorden har ein i ei årrekke hatt tokt for biologistudentar, og i dei seinare åra for oseanografistudentar. Det gjer at ein har ei lang dataserie over vasskvalitet i fjorden. Oksygenkonsentrasjonen i dei djupaste delane av fjorden er heilt nede på 2,3 ml/l. Mellom 1975 og 1990 ligg konsentrasjonen i snitt mellom 4 og 5 ml/l.

Terskelen inn til Masfjorden er 70 meter djup. Inne i fjorden er djupet på 300 meter, og på 200 meters djup byrjar oksygennivået å synke drastisk. Darelius påpeiker at dei øvre vasslaga oftare vert skifta ut.

I Haugsværfjorden inst i Masfjorden, er terskelen ikkje djupare enn 10-20 meter. Fjorden er 120 meter djup her inne, og allereie på 60-70 meters djup er det slutt på oksygen.

Ei gruppe biologar ved UiB har også sett på problem for levande liv i fjordar der oksygennivået går ned. Her finn du artikkelen (engelsk)

 

Vassprøvar med indikator på oksygennivå
Null oksygen: Vassprøvar frå Haugsværfjorden med tilsett indikator for oksygen. Dei blå flaskene til høgre i biletet indikerer at det ikkje er oksygen i vatnet. I Haugsværfjorden skal ein ikkje lengre ned enn 30-40 meter før det er ikkje er oksygen i vatnet. Foto: Elin Darelius 

Referanse

Darelius, E.: On the effect of climate trends in coastal density on deep water renewal frequency in sill fjords—A statistical approach. Estuar. Coast. Shelf Sci. 243 (2020), doi:10.1016/j.ecss.2020.106904.