Det overordna målet for samarbeidet er å etablera eit framståande senter for forsking, formidling og verdiskaping med sete i Rosendal. Hovudvekt vert lagt på aktivitetar knytte til klimaforsking med knyting til glasiologi, bruk av isbrear som klimaindikator m.v. Partane vil i fellesskap samarbeida om å sikra grunnlaget for etablering og drift av senteret, og arbeidsplassar i samband med dette. Det vil bli lagt til rette for faste forskar-, teknikar-, eller andre stillingar knytt til senteret. Formidling vil stå sentralt, dels gjennom mellombels og faste utstillingar, og dels ved å tilby kurs og særskilt tilpassa program for skular m.v.
Milepæl
- Samarbeidet som no er innleia med Bjerknessenteret er ein svært viktig milepæl for prosjektet, seier Knut Førland som er prosjektleiar for Folgefonnsenteret. Ting har tatt lang tid, og utan det sterke engasjementet frå dei private samarbeidspartnarane med SKL i spissen, hadde prosjektet temmeleg sikkert vore lagt ned. Med Bjerknessenteret på laget har vi no stor tru på at vi skal klara å koma i mål med Folgefonnsenteret. Detter er ein stor dag både for Kvinnherad og heile Folgefonnhalvøya.
Viktig i klimasammenheng
- Folgefonna er ein svært viktig isbre i klimasamanheng, og det å få etablert eit senter for klima- og breforsking i Rosendal er særs interessant for oss, både som forskingsobjekt og som stad for formidling av klimakunnskap. Vi vil på bakgrunn for dette bidra aktivt til å få Folgefonnsenteret realisert så raskt som mogleg, seier professor og direktør i Bjerknessenterein Jansen. Han har stor tru på dette prosjektet.
Kontaktpersoner:
Eystein Jansen, Bjerknessenteret for klimaforsking, tlf. 55 58 34 91 / 906 18 858
Knut Førland, prosjektleiar Folgefonnsenteret tlf. 53 47 22 00 / 91 84 10 01
Om Bjerknessenteret:
Bjerknessenteret er eit internasjonalt forskingssenter som forskar på klimaendringar og formidling av resultat på grunnlag av dette, og som tek del i utdanninga av yngre klimaforskarar. Senteret er det største i Norden med vekt på grunnleggjande naturvitskapleg kunnskap om klimavariasjonar og -endring i fortid, notid og framtid.
Om Folgefonnsenteret:
Folgefonnsenteret er enno på forprosjektstadiet. Det er eit samarbeid mellom Kvinnherad kommune, Hordaland fylkeskommune og private bidragsytarar med sikte på å reisa eit senter for forsking, formidling og verdiskaping med sete i Rosendal. Senteret er også tiltenkt å vera nasjonalparksenter for Folgefonna nasjonalpark.