Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Første tidsserie av uorganisk karbon i Norskehavet

Sidan 2001 har uorganisk karbon vorte målt i heile vasskolonnen på vêrstasjon M (66°N 2°E) i Norskehavet. Dette er den første tidsserien i sitt slag, men seriar av meteorologiske og oseanografiske data frå denne posisjonen går heilt tilbake til 1948, då vêrstasjonen vart oppretta. M/S Polarfront opererer stasjonen i dag.

Body

Tidsseriar er viktige
Slike tidsseriemålingar er viktige når det gjeld å forstå ulike prosessar i havet. Uorganisk karbon i dei øvste 150 m viser klare sesongvariasjonar som kan forklarast av biologisk produksjon og nedbrytning av organisk materiale i havområdet. Djupare i vasskolonnen er variasjonen over tid mykje mindre og er knytt til blanding mellom ulike vassmassar. Det djupaste vatnet viser endringar som mellom anna kan knytast til endringa i djupvassdanninga i Grønlandshavet.

Karboninnhald i havoverflata er aukande
Månadlege målingar av uorganisk karbon frå 0 til 2000 m viser fleire interessante trendar. I overflata viser det seg at karboninnhaldet aukar jamt og trutt ettersom åra går. Dette vert sett i samanheng med at karboninnhaldet i atmosfæren også aukar over år mellom anna p.g.a. brenning av fossilt brensel. Men den årlege auken i havet viser seg å vere noko større enn den observerte auken i atmosfæren, og det vil med andre ord seie at dette havområdet ser ut til å ta opp mindre atmosfærisk karbon no enn det som har vore tilfellet tidlegare. Viss denne trenden held fram vil havområda utanfor stovedøra vår etterkvart kunne opptre som kjelder for atmosfærisk karbon og ikkje opptaksområder, som i dag.

Djuphavet viser endring
Også i djupvatnet (omlag 2000 m) aukar innhaldet av uorganisk karbon frå år til år, men auken her er sjølvsagt mykje mindre enn det som vert observert i havoverflata. Denne trenden har to delårsaker. Delar av auken i karboninnhaldet er knytt til reduksjon i djupvassdanninga i Grønlandshavet og påfølgande endring i sirkulasjonen mellom dei djupe bassenga i Arktis, Grønlandshavet og Norskehavet. Det djupe vatnet i Norskehavet er ei blanding av djupvatn frå Grønlandshavet og frå Arktis, det første har tradisjonelt vore kaldare og ferskare enn det andre. Dei siste ti-åra har ein større fraksjon av arktisk djupvatn strøymd inni Norskehavet samanlikna med tidlegare og dette vatnet er varmare og inneheld meir remineralisert materiale enn det djupe Grønlandshavsvatnet. Difor vil også konsentrasjonen av uorganisk karbon i djupet av Norskehavet auke.

Men dette kan ikkje forklare heile den observerte auken i djuphavs-karbon. Delar av auken meiner forskarane har skjedd fordi antropogent, eller menneskeskapt, karbon er blitt tatt opp i overflatevatn, ført med storskalasirkulasjonen i Grønlands-, Islands- og Norskehavet og nådd fram til i dei djupe delane av Norskehavet i løpet av dei siste to tiåra. Dette er ei raskare blanding enn ein før har trudd.

Studien er publisert i tidsskriftet Biogeosciences og er eit samarbeid mellom forskarar frå Bjerknessenteret, Geofysisk Institutt og Havforskningsinstituttet.

Referanse:
Inorganic carbon time series at Ocean Weather Station M in the Norwegian Sea I. Skjelvan, E. Falck, F. Rey, and S. B. Kringstad
Biogeosciences, 5, 549-560, 2008.