Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Audun Rosland ynskte velkomen til seminaret "Hvordan styre utslippene?" den 12. juni.

– ICOS kan vere med å tette gapet

Kva klimafakta treng forvaltninga, og kva kan forskinga tilby? ICOS og Miljødirektoratet arrangerte seminar.

Body

– Å skape dialog med forskning og forvaltning generelt er viktig for oss, sa Audun Rosland, direktør for klimaavdelinga i Miljødirektoratet, i opninga av seminaret «Hvordan styre utslippene?».

Å gjere forskarar og forvaltning betre i stand til å samarbeide om å nytte kunnskapen frå ICOS – Integrated Carbon Observation System, det europeiske målenettverket for klimagassar – var målet med seminaret.

Håpet er å på best mogleg vis kunne følgje opp dei høge ambisjonane frå Parisavtalen, sa Rosland:

– Noreg har fulgt opp med å ha høge ambisjonar også, å vere karbonnøytrale i 2050. Til dette treng me gode data, for å sjå kvar me er på veg. Det er viktig å minske gapet mellom kva forvaltninga har av behov, og kva forskinga kan tilby. ICOS kan vere med å tette gapet.

Fri database for klimagassutslepp

– ICOS er sett på som eit eksempel for korleis slike infrastrukturar bør gjerast, sa Alex Vermeulen.

Han er direktør for ICOS' karbonportal – ein skybasert database der både rådata og behandla informasjon skal ligge til for dei som er på jakt etter det. Styrande prinsipp er open source og FAIR data (Findable, Accessible, Interoperable and Reusable), for å gjere data frå klimagassmålingane best mogleg tilgjengeleg.

No blir data lagt ut gradvis etter kvart som ICOS-stasjonane er sertifiserte. Deretter vil data bli tilgjengelige i tilnærma sanntid. Med tida skal det kome til fleire verktøy som gjer det lettare for både interne og eksterne å nytte informasjonen om klimagassutsleppa. 

– Portalen skal gå frå eit «one-stop-shop» til å bli karbonsyklus-vitskapens sveitsiske lommekniv, sa Vermeulen.

Alex Vermeulen, direktør, ICOS Carbon Portal
Alex Vermeulen, direktør i ICOS' karbonportal snakka om systemet og framtidsplanane for den skybaserte databasen.

– Ein berebjelke på vegen mot lågkarbonsamfunn

På seminaret tok representantar for Miljødirektoratet, NILU, Bjerknessenteret og Uni Research opp tema rundt overvåkinga av utslepp – blant anna nye metodar, ny kunnskap og framtidsplanar for dei norske ICOS-stasjonane på land, i havet og i lufta.

Det er Klima- og miljødepartementet som har meldt Norge in i ICOS, og ICOS er ein av dei største forskningsinfrastrukturane Norsk forskningsråd støttar med pengar. Jon Børre Ørbæk, spesialrådgivar frå avdeling for klima og polar, siterte frå forskningsrådets rapportar om målenettverket på seminaret: 

– ICOS er heilt klart ein berebjelke for forsking og kunnskap som er nødvendig for å nå nasjonale utslippsmål på vegen mot eit lågkarbonsamfunn.