Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Folgefonna smeltar i rekordfart. Kartlegging av landskapet under isen er viktig for å forstå korleis vassvegane vil endre seg når breen blir mindre. Foto: Ellen Viste

Har kartlagt terrenget under Folgefonna

– Topografien under breen var overraskande variert. Isen skjuler både djupe dalar og bergtoppar. Breen ligg ikkje på noko platå, snarare tvert imot, seier Fanny Ekblom Johansson som saman med fleire har kartlagt landskapet.

Body

Folgefonna er den tredje største og den sørlegaste av dei store breane på fastlands-Noreg. Sidan 2011 har forskarar frå Bjerknessenteret og Institutt for geovitskap arbeidd med å kartlegge landskapet under breen. 

Kva skjer når breen forsvinn?

Målet er å finne ut kva som skjer når den no smeltar i rekordfart og ein gong i framtida vil forsvinne heilt. Dette kan føre til store omleggingar av elvesystema kring breen med konsekvensar for kraftproduksjon, for tilstrøyming av ferskvatn til fjorden og livet langs og i vassdraga.

folgefonna
Djupe dalar og bergtoppar skjuler seg under isen. Foto: Ellen Viste

Store innsjøar vil kome fram

Kartlegginga av breen har vore del av PhD-prosjektet til Fanny Ekblom Johansson og nyleg vart den siste artikkelen hennar publisert i Frontiers in Earth Science. Hundrevis av kilometer med isradaren på slep er tilbakelagt på snøscooter for å lage det detaljerte kartet over både Nordfonna og Sørfonna. Les meir her.

Resultata har Johansson og fleire forskarar analysert med særleg fokus på korleis vassvegane vil endre seg når breen blir mindre. Dei har òg sett på kvar det vil vere tersklar i landskapet som vil styre retninga på vassvegane. Vidare har alle overfordjupingar vore fylt med vatn for å illustrere kvar det vil kome fram nye innsjøar når breen forsvinn.

Nokre av desse er store og vil bli dei største innsjøane på heile Folgefonnhalvøya. 

Sørfonna er mest robust

Forskarane har brukt data frå innsjøboringar kring breen for å samanlikne dei nye kartlagde dreneringsmønstra med korleis smeltevatnet drenerte i perioden frå 6000 – 4000 år før no tid då breen var mindre enn i dag.

Dei har òg brukt kartet av landskapet under isen til å modellere framtida til breen. Dette er det fyrste forsøket på å simulere tilbaketrekkinga til breen og fortel at deler av Sørfonna er den mest robuste delen av breen og vil vere den som overlever lengst i eit varmare klima.

På Nordfonna vil dei største endringane i vassvegane vere at alt smeltevatnet som i dag renn nordover mot Jondal vil drenere vestover mot Juklavatnet. Dette fordi det er tersklar i landskapet kring Sommarskisenteret og på nordsida av toppen av Nordfonna. Det største dalføret under breen går frå Jukladalen mot Juklavatnet. 

På Sørfonna vil mykje av smeltevatnet som i dag drenerer vestover drenere sørover i staden. Eit eksempel er toppen av Bondhusbreen der det er ein terskel som om ikkje mange år vil komme fram og dreneringa ned i Bondhusdalen vil stoppe. Vidare vil det bli danna ein nesten fem kilometer lang innsjø rett bak terskelen og denne vil drenere sørover. 

Katastrofeflaumar kan kome

I periodar med rask tilbaketrekking av breen er det potensiale for bredemte innsjøar som kan skape katastrofeflaumar kring breen. Frå tidlegare har dette skjedd til dømes i Sandvikedalen og Mosnes på 1960 talet då ein bredemt sjø ved Sauabreen vart katastrofetappa i fleire rundar. Kartlegginga av landskapet viser at det potensielt kan oppstå slike innsjøar mange stader når breen no vert mindre. Det er difor naudsynt å følgje nøye med på tilbaketrekkinga slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar i dalføra kring breen. 

Sikre fornybar kraft i framtida

– Nasjonalt er det trong for meir forsking på korleis dreneringa ut frå breane endrar seg når klimaet no endrar seg raskt. Nær 20 prosent av norsk vasskraft er avhengig av vatn frå brear og såleis er denne kunnskapen viktig for å sikre trygge leveransar av fornybar kraft i framtida, seier professor ved UiB, Jostein Bakke, som er medforfattar og rettleiar for Fanny Ekblom Johansson.

Datagrunnlaget for kartlegginga er basert på isradar profil med antenne frekvensar mellom 25Mhz og 2,5Mhz. Isradaren sender ut ein elektromagnetisk puls som går gjennom isen og blir returnert når den treff fjellet under. Profila er deretter prosessert slik at støy blir fjerna for å få klarare grense mellom is og fjell. Deretter blir profila tekne inn i ArcGIS og kartet blir generert ved å interpolere mellom dei ulike linjene. 

Referanse:

https://www.frontiersin.org/articles/10.3389/feart.2022.886361/full