Understanding climate
for the benefit of society

Ny versjon av Bergen klimamodell

Ein ny versjon av Bergen klimamodell klarer å simulere viktige sider av det observerte klimaet over dei siste 150 åra.

Body

Det viser ein ny studie med forskarar frå Bjerknessenteret og Nansesenteret i Bergen, som for kort tid sidan var presentert i Geoscientific Model Development.

Klimamodellar er det beste verktyet forskarar har tilgjengeleg for å teste hypotesar omkring årsaker til klimaendringar no og i fortida, samt mogelege klimaendringar i framtida. I denne studien har forskarane testa i kva grad Bergen klimamodell er i stand til å simulere viktige sider av det observerte klimaet over dei siste 150 åra. Viktige aspektar ved den simulerte generelle atmosfære- og havsirkulasjonen, samt sjøis-utbreiinga, har vorte testa mot observerte data. Modellen har vorte køyrd i meir enn 600 år og er relativt stabil over denne perioden.

Med unntak av høge breiddegrader klarer modellen å reprodusere den observerte stor-skala sirkulasjonen i atmosfæren tilfredstillande. I tillegg simulerer modellen viktige naturlege moder av klimavariabilitet, slik som den Nordatlantiske svinginga, nokolunde realistisk. Ei rekkje forbetringar i havdelen av modellen har gjort at den storstilte havsirkulasjon (Golfstrømsystemet) no er meir realistisk enn i tidlegare versjonar. Dei simulerte massetransportane inn og ut av dei Nordiske hav samsvarer også ganske bra med observerte estimater.

Den største svakheita til modellen er det simulerte klimaet i Sørishavet. Problema med blandinga i det øvste laget i havet, det såkalla mikslaget, gjer at sjøis-utbreiinga i Sørishavet er kraftig redusert samanlikna med observasjonar. I Arktis og dei Nordiske hav er imidlertid sjøis-utbreiinga meir realistisk.

Alt i alt klarer Bergen klimamodell å simulere viktige sider ved den observerte storskala sirkulasjonen i både atmosfæren og i havet på ein tilfredstillande måte. Det er imidlertid viktig å hugse på at observasjonane berre dekkjer ein liten del av mogelege klimavariasjonar. For å teste modellsystemet ytterlegare vil vi også simulere klimaet i tidlegare tider, då klimapådriva var større. Samanlikningar av slike modellkøyringar med klimarekonstruksjonar frå geologiske arkiv kan bidra til ei ytterlegare evaluering av modellsystemet.

Referanse

Otterå, O. H., M. Bentsen, I. Bethke and N.G. Kvamstø (2009): Simulated pre-industrial climate in Bergen Climate Model (version 2): model description and large- scale circulation features, Geosci. Model Dev., 2, 197- 212, 2009.