Understanding climate
for the benefit of society

Sikrare nedskalering av nedbør, temperatur og vind i Noreg

I ein ny publikasjon publisert i Climate Dynamics bruker Bjerknesforskarar ein ny metode for å få betre romleg og tidleg informasjon om atmosfæren sin tilstand dei siste 40 åra.

Body

Forskarane har brukt dynamisk nedskalering av reanalyserte data. Resultata syner at dei variablane som er evaluert (nedbør, vind og temperatur) er vesentleg betre enn eksisterande. Når ein samanliknar med uavhengige observasjonar for dagleg nedbør, temperatur og vind over ein 30 års periode, så ser ein klar betring i høve dei eksisterande reanalysene. I det nye datasettet er det daglege nedbørsavviket tydleg redusert (frå 50% til 11%) og ekstrema er tydeleg betra (frå -59% til -29% for 99.9 persentilen). Temperaturavviket er redusert med om lag ei grad. Vinden syner ein svakare betring.

Metoden

Observasjonsjusterte modelldata (reanalyser) frå det europeiske vervarslingsenteret i Reading, England (ECMWF) som strekk seg over 40 år, har vorte nedskalert. Det nye modellgitteret er på om lag 30 km i norsk farvatn. Nedskaleringsmetoden baserar seg på ein global modell som har eit strekt modellgitter. På denne måten er oppløysinga betre i våre farvatn, men dårlegare på motsatt side av jorda. Dette gjer at ein sparar reknetid og dermed kan tillate seg ein betre gitter-oppløysing. Den storskala løysinga frå den originale reanalysen har pressa den nye nedskaleringløysinga på ein måte slik at storstilt sirkulasjon er lik i dei to datasetta. Småskala har fått utvikle seg fritt slik at m.a. ekstremitetar har blitt betre representert. 

Referanse

I.Barstad*, A.Sorteberg*, F.Flatøy* and M.Deque¤ (2008): Precipitation, temperature and wind in Norway: dynamical downscaling of ERA40. Publisert i Climate Dynamics (online: 19 okt 2008).

*=BCCR
 ¤=Meteo-France