Bjerknessenteret er ein av fleire institusjonar som samarbeider når Statsraad Lehmkuhl til neste år legg ut på sin aller første jordomsegling.
Fokuset for seglasen ligg på bærekraft, og Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret har tatt ansvar for å lage undervisningsopplegg for deler av reisa kring jorda. Havforskningsinstituttet er også med på laget, med spesielt ansvar for instrumentering.
Auditorium på dekk
Kerim Nisancioglu tar med seg studentar ombord til eit tverrfagleg kurs om klima og bærekraft til tre vekers seglas i Karibia.
– Målet er å koble jamaikanske, amerikanske og norske studentar saman i ei felles forståing kring årsakar og konsekvensar av endringar i klima. Dette kurset vil ha eit særskild fokus på Karibia, sidan det er her me skal segle saman, seier Kerim Nisancioglu.
Nisancioglu har på plass eit breitt samarbeid for dette kurset, med University of the West Indies på Jamaica, dei to amerikanske instititusjonane University of Texas at Austin og Scripps Institution of Oceanography. Formalisering av samarbeid med Harvard University og Woods Hole Oceanographic Institution er også på trappene.
Studentane vil få nettundervisning av lærarkrefter frå alle institusjonane i løpet av hausten 2021, før dei møtes ombord på seglskipet til workshop og kursavslutning i heilt spesielle omgjevnader. Kurset er basert på det svært populære bærekraftkurset SDG 213 som Nisancioglu har utvikla.
Studentane vert også mannskap ombord, og vil både ha undervisning og delta i å segle skipet frå Curacao til Havanna.
Hentar inn data frå alle hav
Når Statsraad Lehmkuhl legg ut på jordomseglinga, vil skuta også ha med seg avanserte måleinstrument ombord.
Meike Becker, er forskar ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret, og har ansvar for måleinstrument ombord på fleire skip som gir gode data over CO2-konsentrasjonen i havoverflata.
Målenettverket installert ombord på ulike skip gir unike data, men likevel er det ein del havområde der det er lite observasjonar gjort dei siste åra, til dømes i Det indiske hav og dei sørlege delane av Atlanterhavet og Stillehavet.
– Seglasen vil gå gjennom havområde der det dei siste åra ikkje er gjort så mange observasjonar av CO2-konsentrasjonen i havoverflata. Dei nye data vil vere svært nyttige for å vite meir om korleis havet tar opp CO2, seier Becker.
Av dei CO2-utsleppa me kvart år slepp ut i atmosfæra, er det kun halvparten som vert att. Resten vert tatt opp i havet og på landjorda, kvar del med opptak av omtrent ein fjerdedel av utsleppa. Den nøyaktige fordelinga og i kva grad opptaket varierer frå år til år, og korleis dette er igjen kobla til klima, er noko som framleis er uavklart i forskinga.
– For oss er dette det første toktet rundt jorda, dette er svært spanande å vere med på, seier Tore Furevik, direktør for Bjerknessenteret.
Oppdatering 30. august: Aruba bytta til Curacao i tråd med oppdatert informasjon.