Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Norce, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

Snakka om golfstraumen for EU-parlamentet

Marius Årthun, forskar ved UiB og Bjerknessenteret, tok del i populærvitskapleg statusrapport for EUs høgste lovgivande organ.

På eit møte om Golfstraumen for EU-parlamentet den 4. september snakka Marius Årthun, forskar ved Geofysisk institutt og Bjerknessentere, om forskinga si. Emnet for diskusjonen er "The slowing Gulf Stream? What we know and potential impacts", eit frukostseminar i regi av blant anna Horisont 2020-prosjektet Blue Action:

– Då skal eg rett og slett reklamere hemningslaust av eiga forsking, og vise potensiell påverknad frå golfstraumen til klima på land, og eit par eksempel på korleis me kan nytte det til klimavarsel, seier Årthun, som forskar på langtidsvarsel – oppimot 10 år framover.

– Eg skal prøve å vise dei korleis det europeiske klimaet blir påverka av hovudsakleg to ting. Atmosfæra, som er veldig variabel og kaotisk – årsaken til at vêrmeldinga kun fungerar ei veke fram i tid. Men det er også ei påverknad frå havet, som har eit «minne» som har betre langtidshukommelse og dermed saktare svingingar som kan påverke temperaturen på land.

Bilete paneldiskusjonen frå EU-parlamentet
Frå høgre: Tor Eldevik (UiB), Steffen M. Olsen (DMI), Marius Årthun (UiB), Ben Moat (UKRI-NOC), Karin Margretha Larsen (HAV), ) og Marilena Oltmanns (GEOMAR)

Saman med han reiser Tor Eldevik, professor ved UiB og nestleiar i Bjerknessenteret. Eldevik var innleiar før diskusjonen, og snakka om havsirkulasjon, og kva me veit om golfstraumen dei siste tiåra.

Eit anna emne dei kjem til å gå inn på er den berømte iskanten. Kvar iskanten ligg i nordområda er viktig for både havbruk, shipping, olje- og gassnæring og andre marine industriar. Dei siste åra har Havforskingsinstituttet målt innstrøyming til Barentshavet, og predikert korrekt korleis iskanten kjem til å vekse eller krympe.

Arbeidet er ein del av det som no blir forskingseininga Bjerknes Climate Prediction Unit, støtta av Bergens forskningsstiftelse.