Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Alle figurar er henta frå The Global Carbon Project 

Framleis stabile fossile utslipp

Det globale karbonbudsjettet 2017 viser at utslippstrenden frp 2014 og 1025 held fram, med tilnærma ingen vekst i globale utslepp. 

Body

Det globale karbonbudsjettet, the Global Carbon Budget - er ein årleg oppdatering av globale trendar, utslepp og opptak av karbondioksid på jorda. Karbonbudsjettet er eit resultat av ei vitskapleg frp vitskapsmiljøa verda over, samla i Global Carbon Project.

Årets budsjett vart lansert i dag på COP23 i Bonn, der verdas styresmakter er samla for årets klimaforhandlingar.

- Karbonbudsjettet er enda ei påminning for klimaforhandlarane om kor nødvendig det er med handling og bindende avtaler rundt reduserte karbonutslipp, sier Meike Becker, forskar ved UiB og Bjerknessenteret.

Becker har vore sentral i arbeidet med årets karbonbudsjett for den delen som går på havets opptak av karbondioksid. 

The Global Carbon Budget 2016

I det store biletet frå årets karbontal kjem det fram at utslepp av CO2 frå fossile kjelder har vore stabile for det tredje året på rad. Talet for 2016 ligg på 9.9 Gigatonn karbon (GtC).  Alle tal og artiklar kan lesast hos globalcarbonproject.org

Dei ikkje så gode nyhetene er at utslepp av karbondioksid frå industri og fossile kjelder er venta å auke med to prosent for pret 2017. 

Utslepp av karbondioksid fordelt på kjelder for året 2016:

  • kol 40%
  • olje 34%
  • gass 19 %
  • sement 5.6%
  • fakling av gass 0.7%
fossil sources 2016 Global Carbon Budget
Fossile CO2-utslepp fordelt på kjelder for året 2016. 

Dei støste utsleppslanda er som tidlegare år: 

  • Kina 28%
  • USA 15%
  • EU 10%
  • India 6.7%
total co2 emissions per country
Utlepp per land. Kinesiske utslepp er framleis flate. Forrige år var den kinesiske utflating av CO2-utslepp hovudårsaka til at den globale utsleppskurva flata ut. 
emissions per capita
CO2-utlepp per innbyggjar.  

 

Rekordhøg konsentrasjon av CO2 i atmosfæren

30. Oktober rapporterte WMO, verdens meteorologi organisasjon, om rekordhøgt nivå av karbondioksid i atmosfæren. Nivået på 403.3 parts per million (ppm) er den høgste konsentrasjonen av karbondioksid i atmosfæren på 800.000 år. Årsaka er menneskelege aktivitetar i kombinasjon med El Niño-året 2016, ifølgje WMO.

Årets karbonbudsjett viser at vekstraten for CO2 var  6,1 GtC, tilsvarande 2,89 ppm. Det er over vekstraten i gjennomsnitt for dei siste ti åra, som er på 4,7 GtC. Fjorårets karbonbudsjett viste også ei slik høg vekstrate, då på 6,3 GtC. Både 2015 og 2016 er rekna som sterke El Niño-år. For det inneverande året, 2017 er det venta ein noko lågare vekstrate, på 5,3 GtC.