Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Ein ny geologisk epoke?

IGBP-leiar James Syvitski meiner tida er mogen for å erklære Anthropocene som ein ny geologisk tidsalder. 

Body

Konseptet ”the Anthropocene” er  namnet på det mange ser som ein ny geologisk tidsalder. Ein tidsalder der menneska er blant dei viktigaste drivkreftene til endringar på planeten. 

James Syvitski, leiar for det internasjonale forskingsprogrammet IGBP (International Geosphere – Biosphere Programme) er blant dei som meiner menneska dei siste 250 år har satt eit så stort preg på jorda, at me no har gått inn i ein geologisk tidsalder styrt av menneska. 

Han var i Bergen sist veke under det årlege møtet i vitskapskomiteen i IGBP som i år var lagt til Bergen. Torsdag inviterte Forskningsrådet, Bjerknessenteret og IGBP forskarar til ope seminar om biogeokjemiske syklusar og bærekraftig utvikling i hav, atmosfære og på land.  Syvitski sitt innlegg på seminaret handla nettopp om begrepet Anthropocene. Han har også skrive ein artikkel om dette i IGBP-magasinet Global Change


Under torsdagens opne seminar vart det også markert at Bergen og Havforskingsinstituttet no blir vert for IMBER (Integrated marine biogeochemistry and ecosystem response). IMBER-kontoret har tidlegare haldt til i Frankrike, men er no flytta til  Bergen med direktørane Lisa Maddison og Bernard Avril med på flyttelasset. På biletet: frå venstre: Jon Børre Ørbæk, Norges  forskningsråd, Einar Svendsen, Havforskningsinstituttet, Eileen Hofmann, leiar IMBER, Wolfgang Fennel, International Council for Science, James Syvitski, leiar IGBP, Bernard Avril og Lisa Maddison i toppen for det bergenske IMBER kontoret. 

 

Ingeniørkunst set sine spor

Ideen om ”Anthropocene” som ein ny tidsalder er ikkje ny. Begrepet vart popularisert av økologen Eugene Stoermer og nobelprisvinnar Paul Crutzen, første gong på trykk i år 2000 i ein artikkel i IGBP sitt magasin Global Change. 

Argumenta for ein ny geologisk epoke inkluderer: 

At menneska i løpet av dei siste 150 år har utnytta 40 prosent av kjente oljereserver bygd opp over fleire hundre millionar år. 

At nær halvparten av landoverflata er endra på grunn av menneskeleg aktivitet.

Meir nitrogen er produsert syntestisk i kunstgjødsel og forbrenning av fossilt drivstoff enn det som totalt blir produsert naturleg i økosystem på landjorda. 

Meir enn halvparten av alt tilgjengeleg ferskvatn er beslaglagt for menneskeleg bruk, og grunnvassreservar er stadig meir utnytta. 

Landbruksutvikling, sivilisasjon og ingeniørkunst set sine spor. Syvitksi viser til at det globalt er bygd 45.000 store dammar, pluss to millionar mindre damanlegg. I tillegg til oppsamling av vatn og kontroll av vassflaumen, samlar desse dammane opp store mengder sediment som elles ville flyte fritt nedover vassvegane.

- Store dammar fører til at elvedelta blir utmagra, elvedelta der det bur millionar av menneske som er avhengig av å bli tilført nytt sediment. Dette blir no lagra i dei store dammane, seier Syvitski.  

Og ikkje minst kjemisk endring av atmosfæren gjennom utslepp av karbondioksid ved forbrenning av fossilt brennstoff, har sine konsekvensar på klimaet.

 

 

"The Great Acceleration"
Den menneskelege tidsalderen, Anthropocene, blir av tilhengjarane rekna med eit starttidspunkt i den industrielle revolusjonen kring midten av 1700-talet. Samstundes er den siste halvdelen av det 20. århundre ein unik epoke. 1950 markerer starten for det IGBP kallar ”the great acceleration”, og har sett saman ei rekke grafar som eit bilete på dette.

”The Great Acceleration Graphs” er ei rekke figurar som saman viser den aksellererande utviklinga i menneskeleg påverknad på kloden, eksemplifisert i befolkningsvekst, vassbruk, oppdemming av elvar, bebygd landareal,  motoriserte køyrety, bruk av kunstgjødsel, internasjonal turisme, tap av skog og regnskog, endring av kjemi i atmosfæra, utrydding av artar, auke i gjennomsnittstemperatur på den nordlege halvkula.  


Bilete henta frå IGBP  

 For James Syvitski er begrepet Anthropocene også eit paradigmeskifte, om ein går over til å bruke dette i staden for begrepet ”global oppvarming” når ein snakkar om klimaendringar. 

– Ein gallup som nyleg vart gjennomført viser at 2 av 3 personar over heile verda har høyrt om global oppvarming. Men begrepet global oppvarming kjem med ein bagasje, ein har til dømes politikarar og sterke krefter som motset seg dette konseptet. Global oppvarming er også berre ein avgrensa del av dei menneskelege fotavtrykka på jorda. ”Anthropocene” handlar også om bærekraft, det tillet oss å sjå det store biletet, seier James Syvitski. 

 

Politisk viktig 
Konseptet ”Anthropocene” inneber ei endring i korleis ein ser på den menneskelege påverknaden på kloden, meiner James Syvitksi. Det vil også gjere at politikken må verte meir ansvarleg.

Det er tolv år sidan begrepet the Anthropocene vart nytta av Eugene Stoermer og Paul Crutzen. Tidlegare har fleire andre forskarar nytta liknande omgrep. Syvitksi meiner tida no er mogen til å få dette begrepet allment akseptert i den vitskaplege verda. 

– Me hadde ein stor konferanse ”Planet under pressure” i London i mars i år der dette begrepet vart diskutert vitskapleg. Mange er samde i at ein kan kalle det ein ny geologisk tidsalder. Andre er ikkje det, det er ein interessant og livleg debatt, seier Syvitksi. 

Meir om anthropocene hos IGBP