Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Det blir skrint i jordas brødkorg

Meir enn tre milliardar menneske, og eit stort mangfald av dyr og plantar, må tilpasse seg eit klima dei aldri før har sett. Er vi i stand til å takla den aukande varmen?

Body

Kronikk av Tore Furevik, Senter for klimadynamikk og Bjerknessenteret, Universitetet i Bergen. Først publisert i På Høyden og i Bergens Tidende 19. juni 2012 


Reduserte avlingar, aukande prisar på mat, matmangel og underernæring er allereie ein realitet for mange, og utan ein nærast revolusjon i vår evne til å produsere mat til eit stadig veksande folketal, går mange ei svært usikker tid i møte. 

20 år gamle avtalar
Mange hugsar sikkert den store FN konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro i Brasil i 1992 som mellom anna resulterte i klimakonvensjonen og konvensjonen om biologisk mangfald, to avtalar som  har stått heilt sentralt i internasjonalt miljø og klimasamarbeid. For å markere at det er 20 år sidan dette gjennombrotet i internasjonalt samarbeid, vil det 20-22 juni i år vera ein ny stor FN konferanse om bærekraftig utvikling, Rio+20. Eit sentralt tema for konferansen er mattryggleik.

Langt fram til mattryggleik

Under FN sitt mat-toppmøte i Roma i 1996 kom delegatane fram til følgjande definisjon: ”Mattryggleik eksisterer når alle menneska til ei kvar tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat for eit fullgodt kosthald som møter deira ernæringsmessige behov og preferansar, og som dannar grunnlag for eit aktivt liv med god helse”. For oss er dette opplagt og ingenting som vi tenker på i det daglege, men for nær ein milliard underernærte menneske på jorda handlar det om ein dagleg kamp på liv og død. Og denne kampen kan syne seg å bli stadig vanskelegare etter kvart som klimaendringane fører til at det vert stadig mindre mat, og den som er å få kjøpt vert stadig dyrare.

Tørke, flaum og ras

På berre få generasjonar tømmer vi menneska lagre av olje, gass og kol  som det har tatt naturen mange millionar år å produsere. Kvart år vert nye 30 milliard tonn med karbondioksid sleppt ut i atmosfæren, og lufta inneheld allereie så mykje drivhusgassar at vi truleg må tre millionar år tilbake i tid for å finne maken. Lufta, landjorda og havet vert varmare, sjøis og isbrear forsvinn, permafrosten smeltar og havet stig og vert stadig surare. Varmare luft held på meir vatn, og vi kan vente meir fordamping i allereie tørre område, meir nedbør i våte område, og kanskje også at stormar og tropiske orkanar vil kunne bli endå sterkare enn før. Resultatet vert uttørking og sandflukt i nokre område, flom og ras i andre.

Det blir for varmt

Prof David S Battisti og Rosamond Naylar frå Stanford Universitetet i California har i lengre tid studert kva effekt dei globale endringane i klima vil ha på verdas matvareproduksjon. Resultata er nedslåande. I ein artikkel publisert i tidsskriftet Science i 2009 samanliknar dei venta sommartemperaturar mot slutten av dette hundreåret (når dagens nyfødde er blitt 80 år), med dei temperaturane som har blitt målt fram til i dag. Dei finn at for tropane og subtropane, vil nesten alle somrar, også dei relativt kjølige, bli varmare enn den absolutt varmaste sommaren som nokosinne har blitt målt fram til no. Dette er i vekstsesongen, når jordas brødkurv skal fyllast. Og for mange område kjem ekstremvarmen samstundes med at det vert mindre regn. Meir enn tre milliardar menneske, og eit stort mangfald av dyr og plantar, må tilpasse seg eit klima dei aldri før har sett. Vil dei vera i stand til det? 

Drepande varme
Døme frå vår nære historie kan peike på det motsette sjølv for langt lågare temperaturar enn det framtida vil syne. Og vi treng ikkje gå til Afrika sjølv om hendingane der er flest og konsekvensane størst. Sommaren 2003 fekk Vesteuropa ein smak av framtidig klima, då store deler av Frankrike hadde ein heil månad med temperaturar som låg fem til ti grader celsius over normalen. Dødstala for alle aldersgrupper over 45 år skaut i veret, og kanskje så mange som 50 000 menneske omkom som følgje av varmen. Jorda tørka ut, og trass i massiv vatning forsvann ein tredjedel av avlingane i Frankrike og fleire av nabolanda. Global handel og ekstra produksjon andre stader, hindra likevel massiv prisauke denne sommaren.

50 varmegrader

For mange land i Afrika er konsekvensane av varme og tørke langt større enn i Europa. I Sahel-beltet sør for Sahara står jordbruket for nær halvparten av bruttonasjonalproduktet til landa og sysselset 60 prosent av befolkninga. Langvarig tørke kombinert med rask vekst i folketal, skogshogst og overbeiting har ført til dramatisk reduksjon i avlingar, underernæring og ein stor flyttestraum til slumområde i storbyane lengre sør. Sommaren 2010 blei det i mange land målt temperaturar heilt opp mot 50 grader, og i år vert det rapportert om at så mange som ein million born står i fare for å svelte i hel på grunn av langvarig tørke. Sahel er eit område med liten variasjon i temperatur frå år til år, og allereie om få tiår ventar derfor forskarane med at dei fleste somrane vil bli varmare enn dei varmaste som har vore målt til no.

Mindre korn

David Lobell, også han frå Stanford Universitetet, har sett på utvikling i den samla globale jordbruksproduksjonen dei siste tretti år, og samanlikna dette med utviklinga i temperatur og nedbør i vekstsesongen. Over store deler av kloden, og særleg i Europa, Kina, deler av Vest-Afrika og Sør-Amerika, har auken i temperatur vore mykje større enn det som har vore normal variasjon. Og her finn forskarane ein tydeleg negativ effekt på matproduksjonen. Totalt for heile kloden kjem dei fram til at klimaendringane har minska produksjonen av særleg mais og kveite med tre og fem prosent. Det høyrest kanskje ikkje mykje ut, men det svarar til den samla produksjonen av mais i Mexico og kveite i Frankrike.

Stadig varmare
Til saman teiknar døma over eit dystert bilete om framtidig mattryggleik for eit stadig veksande folketal. Høgare temperaturar i vekstsesongen til plantane gir mindre avlingar, og særleg har unormalt varme somrar ein svært negativ effekt på produksjonen av mat. Klimamodellane fortel oss at dei varmaste somrane vi har målt fram til i dag vil vera relativt kjølige samanlikna med ein vanleg sommar mot slutten av dette hundreåret. Berre gjennom ei storstilt endring i landbruket, som å ta i bruk nye område for matproduksjon, utvikle eller ta i bruk nye kornsortar, eller utvide vekstsesongen der det er mulig, kan vi ha håp om å mette eit stadig aukande folketal i eit stadig varmare klima.