Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

32 nasjonar og seks kontinent er representert på Bjerknessenteret ved utgangen av 2014. Illustrasjon: Haltenbanken

Nøkkeltal 2014: Vi har forskarar frå 32 nasjonar

Kikk oss i korta - her er årsrapporten for 2014

Body

Som ei følge av mange nye prosjekt, vaks Bjerknessenteret frå 150 til 195 tilknytta personar i løpet av 2014. Ikkje berre nye postdoktorar og ph.d-stipendiatar kom til, også nye forskarar vart tilsett i partnerorganisasjonane, frå alle kantar av verda. For første gong er fleirtalet fødd utanfor Noreg. 

Staff by nationality 2014
Stab fordelt på nasjonalitet 2014

 

Ny organisasjonsstruktur

I løpet av 2014 har Bjerknessenteret fått ny organisasjonsstruktur, der styret for det tidlegare Senter for klimadynamikk (SKD) er slått saman med styret for Bjerknessenteret. Sjå oversikt over organisasjonen her

Leiargruppa har definert ein ny visjon, vitskaplege mål og strategi for Bjerknessenteret.

Åtte nye strategiske prosjekt er satt i gang, finansiert gjennom det statlege tilskotet til SKD.

"Årets produksjon av vitskaplege artiklar har auka markant i fjor, og Bjerknessenteret er meir tydeleg enn nokon gong som produsent av god vitskap. Det er publisert nær 150 artiklar, inkludert fem i Nature og Science", skriv direktør Tore Furevik i sin Directors Comment for 2014. Les heile på engelsk her.

Sjå komplett liste over publikasjonar i 2014

 

Økonomi 2014 

Den viktigaste inntektskjelda for Bjerknessenteret er eit tolvårig tilskot frå Kunnskapsdepartementet som for 2014 var på 27 millionar kroner. Denne går til Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret, der UiB er vertsskap. Som vert for SKD finansierer UiB sju rekrutteringsstillingar ved Bjerknessenteret.

Tilskot frå Norges Forskningsråd og EU står for kring 70 prosent av den totale inntekta i 2014.

 

Sources of income 2014
Grafikk: Haltenbanken

Sources of income 

(1000 kr)

Ministry of Research and Education

27 221

University of Bergen

6 055

Research Council of Norway

66 894

European Commission

13 458

Other public funds

4 661

Total income

118 289

In-kind contributions from the partner institutions (E.g staff salary, ship time, computer resources, etc) are not included in the table above.

 

Også i årsrapporten: 
Tor Gammelsrød og Hilary Birks vart emeritus og emerita

Med blikk for fisk og fysikk // A practical view of physics and food

Festseminar for Hilary Birks // It's all in the detail