Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Siri Vatsø Haugum, Lea Svendsen og Jostein Bakke. (Foto: Gudrun Sylte/Bjerknessenteret)

Neste steg: Klima i Grieghallen

Klimakonsert i samarbeid med Bergen Filharmoniske Orkester, Borealisfestivalen og Universitetet i Bergen.

Body

Sjå konserten på Bergenphillive.no

Professor Jostein Bakke, førsteamanuensis Lea Svendsen og doktorgradsstipendiat Siri Haugum skal ta oss gjennom jordas geologiske historie, klimasystemet som orkester, og kvar me er som menneske no og i framtida. 

Bergen Filharmoniske Orkester speller nysmidde verk frå dei unge norske komponistane Marius Neset og Therese Ulvo, samt ikoniske stykker av franske Maurice Ravel.

I Grieghallens foajé før og etter konserten er det vitskapsutstilling:

  • Værstasjon – Jochen Reuder & Stephan Kral
  • Tidsmaskin i naturen – dryppsteinar: Nele Meckler & Jenny Maccali
  • Tidsmaskin i naturen – sedimentkjerner: Sunniva Rutledal & Anna Braaten
  • Tidsmaskin i naturen – skjell: Tamara Trofimova Carin Andersson Dahl

I tillegg har ni elevar frå Sotra vidaregåande skule hatt eit prosjekt i samarbeid med Bjerknes-forskarane Morven Muilwijk, Kjersti Konstali, Eivind Støren and Sunniva Rutledal, og skal presentere klimaets fortid, notid og framtid på tre stasjonar i Grieghallen.

Kveldens program