Understanding climate
for the benefit of society

HAV OG CO2: Havet tar opp like mykje av CO2-utsleppa som før, viser Karbonbudsjettet. Klimaforskarar frå Bergensmiljøa bidreg med stor innsats og store mengder data på havet i den internasjonale karbonrapporten, som viser kor mykje CO2 nasjonane i verda slepp ut og kvar utsleppa hamnar. Foto/ill.: Bit Cloud, Unsplash.com

COP26: Legg fram karbonbudsjett for havet

Kvart år leverer klimaforskarar karbonbudsjettet frå heile verda. Klimamiljøet i Bergen har gjort ein betydeleg innsats for å skildra CO2-data frå havet.

Body

– 2020 var eit ganske spesielt år, då gjekk utsleppa ned, seier Siv K. Lauvset. Klimaforskaren i Norce og Bjerknessenteret er ein av fleire som har arbeidd med Global Carbon Budget 2021, som vart lagt fram 4. november. 

Karbonbudsjettet for korona-året 2020 viste ein nedgang i karbonutslepp verda over, på 5,4 prosent. I 2021 er vi derimot tilbake der vi starta, med like store utslepp som åra før. 

– Til og med ein pandemi var ikkje nok, seier Meike Becker, forskar på Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret. Ho er ein av forfattarane i den vitskaplege publikasjonen. 

– Vi ser svært tydeleg at det ikkje går nedover, legg Lauvset til. 

Siv Kari Lauvset og Meike Becker.Foto: Jens H. Ådnanes, UiB
Siv Kari Lauvset og Meike Becker.Foto: Jens H. Ådnanes, UiB

Store mengder data på havet

Karbonbudsjettet gir djup innsikt i kor mykje CO2 nasjonane i verda slepp ut og kvar utsleppa hamnar. Klimamiljøet i Bergen, UiB, Norce og Bjerknessenteret, har levert store mengder data på korleis det går med hava i verda, gjennom observasjonar og modellar. ICOS-Norway har også spelt ei sentral rolle. Ein har data som strekk seg heilt tilbake til 90-talet og med modellane kan ein rekne seg tilbake til førindustriell tid. 

Karbonrekneskapet kan spele ei viktig rolle i COP26, FN sitt 26 klimatoppmøte, denne gongen i Glasgow, Skottland. 

Global fossil CO2 emissions: 34.8 ± 2 GtCO2 in 2020, 53% over 1990 Projection for 2021: 36.4 ± 2 GtCO2 , 4.9% [4.1%–5.7%] higher than 2020
Global fossil CO2 emissions: 34.8 ± 2 GtCO2 in 2020, 53% over 1990 Projection for 2021: 36.4 ± 2 GtCO2 , 4.9% [4.1%–5.7%] higher than 2020

Havet har sentral rolle i karbonbudsjettet

Havet speler ei sentral rolle når vi skal kutte ned utsleppa av CO2 for å nå målet om 1,5 graders oppvarming. 

– Av dagens utslepp går halvparten i atmosfæren, resten går i havet eller på land, det vil seie i planter og naturen. Om det i framtida blir slik at havet tar opp mindre CO2, eller til og med gir frå seg CO2, då vert det meir i atmosfæren, og den globale oppvarminga vert større, seier Lauvset.

Endra økosystem kan endre CO2-opptak

Den globale oppvarminga endrar havet, som igjen kan endra korleis havet tar CO2 opp i seg. 

– Når havet vert varmare, endrar økosystemet seg, saman med ei rekkje andre ting. Det kan endre korleis havet tar opp CO2. Vi må tilpasse oss for å nå måla vi har sett oss, og då må vi vite korleis prosessane i naturen endrar seg, seier Becker. 

Enn så lenge viser karbonrekneskapet at verdas hav held seg konstante og tar opp den same prosenten av CO2 som før, fortel dei to forskarane. 

– Men vi veit ikkje om havet fortset med det, eller korleis det potensielt endrar seg, seier Becker.