2020 har vore eit merkeleg år for forskingstokt, og mange stader er forskingsstasjonar stengd ned, medan forskingsfartøy står i dokk og ventar på avklaringar om korleis covid-19 utviklar seg. I Polhavet utanfor Sibir hadde derimot ein båt allereie tjuvstarta, hausten 2019 lot det tyske fartøyet Polarstern seg fryse fast, for å drive med isen eitt år.
Den er ein del av MOSAiC, historias største polarekspedisjon, koordinert frå Alfred Wegener Institute i Tyskland. Ein av dei mange som skal vere med i løpet av dette året er Morven Muilwijk, forskar og stipendiat ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret.
– Vi har avreise frå Tyskland i midten av mai, og planleggjer å kome tilbake med neste forsyningsskip i august, skriv han frå eit rom i Bremerhaven.
Sjølv om dei alt var igang med prosjektet, er det langt frå upåvirka av koronaviruset. For tida sit Morven og resten av laget som skal vere med i karantene i Tyskland, for å vere sikre på at dei er utan symptom før reisa gjennom isen startar.
– Den planlagde mannskapsrotasjonen skulle eigentleg skje ved hjelp av fleire utanlandske isbrytarar, men også dette vart vanskeleg på grunn av reiserestriksjonar. Vi skal gå om bord på to andre forskingsskip, RV Sonne og Maria S. Meran, som skal frakte oss nærare iskanten og Svalbard.
Polarstern skal så forlate området dei er i og kome dei to fartøya i møte.
Følg Morven sin blogg frå isen hos forskning.no: Innefrosset i Polhavet
Skal forstå dei raske klimaendringane i Polhavet
Snitt-temperaturen i Arktis går opp dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Målet med MOSAiC er å betre forstå desse raske klimaendringane i Polhavet, gjennom havis- og økosystemobservasjonar frå reisa.
Klimamodellane er usikre i desse områda, fordi det har vore få observasjonar på vinter- og vårparten av året. Det sentrale med å strekke toktet over så lang tid, er å kunne følgje ein heil årssyklus, og bruke desse data for å forbetre klimamodellane.
– Eg er ein av fire fysiske oseanografer ombord, og vi er ansvarlege for alle målingar som har med havets fysikk å gjere. Blant anna målingar av havstraumar, temperatur og saltinnhald frå overflata under sjøisen og ned til havets botn – opptil 4000 meter djupt, seier Muilwijk.
Spesielt er dei interessert i kor mykje varme frå djupet som blandast oppover. Dette kan smelte sjøisen nedanfrå og hindre at ny sjøis veks om vinteren.
– Vi har nemlig sett at i senere år at det er ikke bare en varmere atmosfære som har bidratt til mindre sjøis i Arktis, men også varmere havstrømmer fra sør.
Fleire hundre forskarar frå 70 forskingsinstusjonar i 19 land deltek i prosjektet, og omlag 300 av desse skal vere med på toktet.
– Vil sakne skog, fjell og grøn natur
Men kva gjer ein på eit tokt i tida ein ikkje har arbeidsoppgåver? Morven håper å utnytte den internettlause tida ombord til å lese gode bøker.
– Ein klassikar blir sjølvsagt dagboka til Nansen, sidan vi følgjer hans fotspor. Trur det blir spennande å lese den når vi faktisk er der sjølv, seier Muilwijk.
Ellers seier han at det er viktig å halde seg i god form på forskingsskip, teken i betrakting all den gode maten dei kjem til å ete. Lokalt på Polarstern er også pingpong ein mykje brukt aktivitet. Mest kjem han likevel til å sakne kjærasten, men han har med seg eit lite stykke Noreg for sikkerheits skuld:
– Eg vil sakne skog, fjell og grøn natur. Vi kjem jo ikkje til å sjå noko grønt på veldig lenge. Har difor fått med meg ein liten pose med granskudd og nåler, til å lukte på når eg saknar lukta av natur. Eg håper den varer!
I Nansens fotspor
På 1890-talet var Fridtjof Nansens mål å nå den geografiske Nordpolen med Fram. Han hadde sett at isstraumane hadde drive havarerte ekspedisjonsskip over Polhavet, og ville utnytte seg av isens retning for å få skyss dit menneske aldri hadde vore før.
Nansen nådde ikkje målet den gongen, men kom lengre nord enn nokon andre hadde vore på det tidspunktet, ved hjelp av eit hundespann. Fram vart skipet som nådde både lengst nord og lengst sør.
Der Nansens skip ein gong reiste for 127 år sidan er det no nye forskingstokt på gang. Polarstern byrja i fjor, og ankjem målet sitt i oktober 2020. Rundt rekna 390 dagar i isen, i ein snittfart på rundt sju kilometer i timen.
Toktet kan følgjast på nettsida til MOSAiC, på Instagram, og Twitter.