I 2017 var aust-Afrika råka av ei stor tørke. I 2019 flaumde delar av dei same områda over etter mykje nedbør på kort tid. Båe utfalla førte til katastrofe i landbruk og infrastruktur, og store ringverknader for befolkinga i området.
Prosjektet CONFER, leia av NORCE, tek som mål å finne løysingar som gjer Aust-Afrika betre til å møte klimaendringane, for å gjere det livsviktige landbruket i området meir levedyktig – ved å utvikle betre klimavarsel for området. Elleve land og 365 millionar menneske er omfatta i prosjektet.
– Det er ikkje slik at vi skal kome ned dit og fortelje dei korleis dei skal gjere ting, seier Erik Kolstad, forskar ved NORCE og Bjerknessenteret, og leiar for CONFER-prosjektet.
Den kenyanske hovudpartnaren i prosjektet, ICPAC, har allereie levert varsel i regionen i mange år, men desse skal vidareutviklast og gjøres mer presise og detaljerte, seier Kolstad:
– Dei kan mykje meir enn oss om vêret og klimaet i Afrika, medan vi kanskje har eit fortrinn når det gjelder modellering. Her skal vi lære frå kvarandre.
Samproduksjon er sentral del av prosjektet
Betre informasjon om kor mykje nedbør som forventast kan vere avgjerande for gode eller dårlege avlingar. I land som Kenya og Tanzania, der vasskraft er ein viktig del av energileveransen, kan regulering av reservoarar vere eit viktig verkemiddel for å unngå flaum.
Prinsippet om samproduksjon har vore viktig i planleggjinga, at forskarane bestemmer retninga og utvikling av nye tenester saman med dei som skal bruke varsla.
Prosjektet startar opp den 1. september, og påfølgjande veke blir det eit kick-off-møte mellom partnarane i ni organisasjonar fordelte på fem land. Dette i staden for ei planlagd reise til Nairobi, utsatt grunna pandemien.
Skilnaden på vêret på våre nordlege breiddegrader og langs ekvator er mange, dei monsunliknande prosessane over dette området er påverka av ganske ulike faktorar enn våre.
– Oppsummert handlar mykje av arbeidet med å utvikle modellane om at det i dag finst utruleg mykje klimadata. Men overraskande lite blir brukt. Dermed vil vårt arbeid også handle om å implementere mange av varsla som allereie finst, og setje det heile saman på ein objektiv måte, noko maskinlæring vil bidra til. Tidlegare har ein i for stor grad teke subjektive val når det gjeld bruk av data, seier Kolstad.
Miljøa i Bergen ved Bjerknessenter-partnarane i NORCE, UiB, Nansensenteret og Havforskingsinstituttet har gjennom fleire år bygd opp ei verdsleiande kompetanse på klimamodellering. Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med blant anna Seasonal Forecasting Engine, Bjerknes Klimavarslingsenhet (BCPU), og det nye SFI-et Climate Futures som fekk støtte frå Norges forskingsråd i sumar.