Understanding climate
for the benefit of society

Eit bilete av frå modelleringa av CO2-konsentrasjon over USA. (Foto: NASA Goddard Institute for Space Studies)

Vil bygge global karbonovervåkning etter modell fra værovervåkninga

Verdens meteorologiorganisasjon (WMO) godkjenner opprettinga av Global Greenhouse Gas Watch, for å betre overvåke og modellere klimagassutslepp.

Body

På den internasjonale meteorologikongressen den 24. mai godkjende WMO etableringa av Global Greenhouse Gas Watch, for å tette kunnskapshol og gi eit rammeverk for all overvåkning og modellering av klimagassar.

– Eit stort steg framover for verdas karbonforskarmiljø, seier professor Are Olsen ved Universitetet i Bergen, som leier karbongruppa ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

– Vi anerkjenner den store samfunnsnytta og det akutte behovet for å styrke det vitskaplege grunnlaget bak klimatiltaka i Parisavtalen og FNs rammekonvensjon om klimaendringar, seier WMO i ei pressemelding.

Logo for World Meteorological Organization (WMO), Verdens meteorologiorganisasjon.
Logo for World Meteorological Organization (WMO), Verdens meteorologiorganisasjon.

Dette skal bygge på WMO og deltakarlanda si erfaring med å koordinere internasjonale samarbeid innan værvarsling og klimaanalyse, og langvarige klimagassovervåking og -forsking i Global Atmosphere Watch, oppretta i 1989.

Verdsomspennande koordinering

– Men det er framleis usikkerheit, spesielt om rolla til karbonsyklusen i havet, i landbiosfæra, og i permafrost-områder, seier generalsekretær i WMO, Petteri Taalas.

– Vi må difor ta inn over oss klimagassovervåkinga i alle delar av jordsystemet, for å betre kunne redegjere for for naturlige karbonkjelder og karbonlager, både slik dei fungerar i dag og slik dei vil endre seg som følge av eit klima i endring.

For tida er det ingen samanhengande og verdsomspennande koordinering av  klimagassovervåking, men med dette ynskjer WMO ei endring.

– I dag har verda teke eit stort skritt til å kunne overvåke og halde reknskap på dei globale drivhusgassane, seier Kikki Kleiven, direktør ved Bjerknessenteret.

GGGW vil etter planen ha fire hovudoppgåver:

  • Kart over overflate- og satelittbaserte observasjonar av CO2, CH4 og N2O-konsentrasjonar
  • Klimagassestimat for fortida basert på aktivitetsdata og prosessbaserte modellar
  • Globale høgoppløyselege jordsystemmodellar som skildrar klimagass-syklusane
  • Saman med modellene, data-assimileringssystem som kombinerar observasjonar med modellkalkulasjonar for å generere høgkvalitetsprodukt 

Gode data er viktige

«Gode data er viktige» er et sentralt prinsipp i ICOS, det europeiske karbonovervåknings-nettverket, som vil være viktig for måling av klimagassar i europeiske land og havområde. Gjennom sertifisering og standardisering bygges et nettverk av kvalitetssikra stasjoner som blant anna målar CO2 og metan. Observasjonene som gjøres til havs av dette nettverket blir styrt fra NORCE og Bjerknessenteret i Bergen, saman med institusjonar i Storbritannia.

– Dette er stort. I Europa har vi ICOS, og det finst liknande organisasjonar andre stader i verda, men dette er ei moglegheit til å gjere det globalt. I si tid tok det også tid å få på plass det verdsomspennande nettverket vi har i dag for værobservasjonar. No håpar vi at vi kan få til noko liknande for klimagassovervåkinga, seier Meike Becker, forskar ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret, og leiar for havstasjonane i ICOS.

– Vi har unik kompetanse som gir viktige bidrag til norsk og internasjonal karbonovervåkning og forsking. Og vi ser fram til å bidra endå meir! seier Kikki Kleiven.