Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

To vanskelege globale grader

Utsleppsmengda må ned før 2020 om ein skal nå togradersmålet. Det viser ferske klimasimuleringar frå klimamodellen NorESM.

Body


Dette resultatet fekk miljøvernminister Erik Solheim presentert av Eystein Jansen og Tore Furevik ved Bjerknessenteret i Durban i dag.

– At partikkelutslepp i atmosfæren også har ei sterk nedkjølande verknad, må må vi ta med oss vidare i forhandlingane, sa Solheim til den norske forsamlinga av politikarar, presse og interesseorganisasjonar, før han sprang vidare i forhandlingane i Durban og seinare møte med Stoltenberg.

Ein redigert versjon av presentasjonen finn du på EarthClim sine nettsider.


Den nye klimamodellen NrESM er utvikla gjennom det nasjonale prosjektet EarthClim , med Bjerknessenteret og Meteorologisk institutt som dei viktigaste bidragsytarane. Modellen er global og modellerer vind, temperatur, nedbør og skydekke  atmosfæren, pluss straum, temperatur og saltinnhald i havet, vegetasjon på land, fukt og temperatur i jordsmonnet, i tillegg til kor utstrakt og tjukk snø og is er på land og i havet.

Denne modellen er ein av rundt 30 klimamodellar over heile verda som leverer sine resultat til den store gruppa vitskapsfolk i FNs klimapanel som jobbar med den neste hovudrapporten i FN. Tidleg i haust vart resultat frå klimasimuleringane i NorESM levert IPCC, men all data frå køyringane er enno ikkje analysert.

Som sagt viser resultata frå desse køyringane viser at ein må redusere dei globale utsleppa allereie før 2020, dersom ein skal kunne nå det politiske målet om ei maksimal auke i den globale temperaturen på to grader. I figuren under er dette utsleppscenariet referert som RCR2,6.

Figur fra NorESM-gruppa ved Bjerknessenteret og Meteorologisk institutt, utvikla i EarthClim-prosjektet. RCP står for Representative Consentration Pathways. Klimamodellen er ikkje blant dei mest følsomme, det vil seie at modellen gir moderate utslag.


Figuren viser at ein må ha ei rask nedgang i dei globale utsleppa av CO2 dersom ein skal nå målet om maksimal to grader temperaturauke i dette århundret. I 2010 var allereie dei globale CO2-utsleppa høgare enn det maksimale utsleppsnivået i RCP2,6-scenariet. Det er ei utfordring for politikarane på klimatoppmøtet her i Durban , som skal finne ut av globale avtalar for Kyotoprotokollens eventuelle forlenging.