Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Uni Research, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

Hardt arbeid, men gøy på tokt  

Sjå Silje Smith-Johnsens film frå tur til Nioghalvfjerdsbreen på Grønland. Nyleg var is- og havforskarar samla på workshop i Bergen for å snakke om Grønlandsisen.
 

Silje Smith-Johnsen var saman med rundt 20 andre forskarar ute på det omtrent tre veker lange toktet i slutten av august i fjor. På toktet fekk forskarane blant anna måle havis og temperaturar i sjøen. Reisa starta på Svalbard og målet var Nioghalvfjerdsbreen på Grønland som er ein utløpar av The North East Greenland Ice Stream, NEGIS. Store delar av ismassane på Grønland flyt gjennom NEGIS, og denne isstraumen har derfor stor tyding på balansen av is på Grønland.

Toktet går kvart år gjennom Framstredet mellom Svalbard og nordaust-sida av Grønland for å måle temperaturar i havstraumane som går inn og ut av Arktis.

– Forskarane prøver å finne ut om det kjem meir varmt atlantisk vatn inn i fjorden der Nioghalvfjerdsbreen ligger, og om breen på grunn av dette vil smelte raskare i framtida, seier Silje Smith-Johnsen, PhD-student på ice2ice-prosjektet og Bjerknessenteret.

I slutten av mars kom forskarar frå eit tokt i NEGIS-området på nordaustsida av Grønland saman til ein workshop for å presentere nokre resultat og analyser. Møtet blei arrangert av forskingsprosjektet ice2ice og handla om interaksjonar mellom hav og isbrear. Forskarane i ice2ice prøver å finne indikasjonar på tidlegare og framtidige klimaforandringar på Grønland og korleis desse viser seg. Ikkje minst blei også opplevingar og minne delt på workshop-dagane i Bergen.

Nioghalvfjerdsbreen har ei tunge av is, eit lag med is som stikk ut i frå kystlinja. På Nioghalvfjerdsbreen er denne 20 km brei og 80 km lang. Naboen Zachariæ isstraumen har allereie mista sin istunge, og forskarar spekulerer om og i så fall når dette vil skje med Nioghalvfjerdsbreen.

– Når denne breen mister sin tunge kan isstraumen bli akselerert, slik at meir is vil kunne gå ut i havet på kortare tid. Dette vil igjen kunne føre til eit høgare havnivå, forklarar Silje Smith-Johnsen.

Instrumenta som vart brukt i målingane på toktet var blant anna sju gule bøyer som har lagt i sjøen sidan det førre toktet og målt temperatur, saltinnhald, tjukkleik i havisen og havstraumar. På båten var også eit helikopter som flaug over havisen med eit elektromagnetisk instrument for å måle isen. Forskarane brukte også til saman over 77 CTD-instrument som målte sjøvatn ned til 2500 meter.