Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Basler-flyet (DC-3) «Polar 5», eigd av Alfred-Wegener-instituttet, tek SNOWISO-laget til Grønlandsisen. (Foto: Hans Christian Steen-Larsen)

Til Grønland for å tolke 100 000 år gamal is

SNOWISO starta toktsesongen på EastGRIP-basen på Grønlandsisen.

Body

Ettermiddagen den 13. mai, landa det første laget frå det ERC-støtta SNOWISO-prosjektet på Grønlandsisen. DC-3-flyet Polar 5, eigd av det tyske Alfred-Wegener-instituttet, landa trygt – med ph.d.-kandidat Sonja Wahl, prosjektleiar Hans Christian Steen-Larsen, og meir enn eitt tonn last, inkludert alt det vitskaplege utstyret SNOWISO treng fram til august.

Saman med forskarar frå Danmark, Tyskland, og USA, samarbeider dei for å drive fram forståinga av korleis iskjerner fungerar som klimaarkiv, 100 000 år tilbake i tid. Ei av desse iskjernene er teke opp like ved SNOWISOs feltbase, på EastGRIP-campen.

SNOWISO forventer å samle over fem tusen prøvar frå snøoverflata for å søke lenka mellom målingane i atmosfære, og klimasignalet i snøen.

Ikkje fullt så stort som det vanlege LC-130-flyet som pleide å flyge SNOWISO-laget opp til EastGRIP, Basler-flyet (eit ombygd DC-3) er mykje meir komfortabelt, trass den store mengda bagasje.
Ikkje fullt så stort som det vanlege LC-130-flyet som pleide å flyge SNOWISO-laget opp til EastGRIP, Basler-flyet (eit ombygd DC-3) er mykje meir komfortabelt, trass den store mengda bagasje.

Nøye planlagd

Infrastruktur og ansatte på EastGRIP-basen gir moglegheiter for den mest omfattande måleaktiviteten nokosinne gjort på vass-isotopar i snø, vassdamp og nedbør samtidig. Som ein del av instrumentpakka er den nyaste cavity-ring-down-spektroskop-teknologien (CRDS) for direkte målingar av vassdampisotopsamansetjing, og tre fullstendige sett med Eddy-covariance-system for måling av meteorologiske parameter.

Vitskapsplanen for sumartoktet vart bestemt allereie for seks månader sidan av EastGRIP sin styringskomité. SNOWISO-gruppa og deira internasjonale samarbeidspartnarar har sidan då vore fokusert på å bestemme kva målingar som trengst for å svare dei vitskaplege spørsmåla.

Men kva treng ein i eit slikt miljø? Lasteflyreiser til isen er sjeldne, så det er avgjerande å ikkje gløyme nokre delar. Ein viktig del av planleggjinga er å passe på at kvar essensielle del av det vitskaplege utstyret var riktig pakka i dei meir enn 15 individuelle lastekassene.

Hans Christian Steen-Larsen, researcher with the University of Bergen, and Bjerknes Centre for Climate Research
Hans Christian Steen-Larsen, forskar ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforsking.

Å kome seg dit er nesten halve jobben

– Å organisere eit stor internasjonalt samarbeid med mange partnarar er alltid spennande, men også utfordrande, sidan det er lett å gløyme små, viktige delar til målingane, seier Hans Christian, prosjektleiar på SNOWISO-prosjektet ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforsking.

– Det er lett å tenkje at nokon andre er ansvarlege for å hugse dei ulike delane, så kommunikasjon er nøkkelen til suksess.

Sonja og Hans Christian har nytta tida på kystbasen i Kangerlussuaq, ved å gjere alle kassene klare for flyturen, og prioriteringsplanar for dei første dagane ved basen.

Kvar dag på isen teller, så det er viktig å få målesystema i fungerande stand så raskt som mogleg.

Sonjas andre reise til Grønland.

Dette vert Sonjas andre tokt på Grønlandsisen, for to nye månader i dei kalde omgivnadane. Tidlegare i år kom ho att frå ein sesong i Antarktis, som også gav verdifulle erfaringar for den komande sumaren.

– Det blir spennande å kome tilbake på Grønlandsisen. Førre år var det første toktet hit, så eg var sjølvsagt ganske nervøs, men eg veit kva eg kan forvente, og eg ser fram til å kome til det kvite isødet igjen," seier Sonja.

– Sjølvsagt verkar dei to månadane på isen lange, men kameratskapet og samarbeidskjensla med kolleger mot eit felles mål, får tida til å fly!

Sonja Wahl making a detailed task plan for when landing on the ice. (Photo: Hans Christian Steen-Larsen)
Sonja Wahl lagar ein detaljert plan for tida etter landing på isen. (Foto: Hans Christian Steen-Larsen)

Ho seier det er vanskeleg å forklare erfaringane hennar i felten til familie og vener, sidan det er så annleis enn kvardagslivet eller, men: «det ser ut til at dei har blitt vande til at eg brukar sumartida mi i vinteromgivnadane.»

Etter returen

Når dei to månadane i felt er omme, er arbeidet langt frå gjort. Tilbake på laboratoria blir snøprøvane målte og data frå dei ulike instrumenta blir slått saman og analysert.

– Dette er ein veldig spennande feltsesong. Vi har mange målingar som kjem saman, og eit flott lag med ph.d.-studentar og vitskapsfolk som arbeider tett på kvarandre, seier Hans Christian.

Flying in over EastGRIP base. (Photo: Hans Christian Steen-Larsen)
Ankomst mtil EastGRIP-basen med fly. (Foto: Hans Christian Steen-Larsen)