Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Statsrådar på Bergenstur

Fredag ettermiddag troppa Audun Lysbakken og Erik Solheim opp for å bli oppdatert på siste nytt frå Bjerkenssenteret.

Body

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og barne-, familie- og likestillingsminister Audun Lysbakken tok turen til Bergen fredag 10. februar.  

Dei to var innom  Jernbaneverket for å bli oppdatert om dobbeltspor i Arnatunnelen, før turen gjekk til Bjerknessenteret og Allégaten 55.


Frå venstre: Stortingspolitiker Gina Barstad (SV), Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, Barne-, familie-, og likestillingsminister Audun Lysbakken, og Eystein Jansen, direktør for Bjerknessenteret. Foto: Gudrun Sylte

 

Statsrådane og følget fekk to korte foredrag av Nils Gunnar Kvamstø og Tore Furevik.
Her kan du sjå lysarka deira:



Endringar i stormbanar og ekstremver

Frå observasjonar går det fram at ein har ei auke i nedbør og ekstremnedbør over Noreg om lag dei siste hundre åra. Auken i årsmiddelnedbøren og talet på årlege ekstremnedbørshendingar har auka med høvesvis 18 og 30 prosent.

Nils Gunnar Kvamstø, professor i meteorologi ved UiB og Bjerknessenteret fortel at auken vi allereie har sett ligg i overkant av det klimamodellane så langt har varsla. Han viser til studier leia av Asgeir Sorteberg som syner at nedbørsauken over Noreg er knytta til lavtrykksbanane i det nordlege Atlanterhavet, som flyttar seg austover og nordover frå austkysten av USA og opp i Nordatlanteren.

– Ein må forske meir på stormbanane for å forstå mekanismane som ligg bak dei naturlege variasjonane i desse. Då vil kunne seie meir sikkert om korleis nedbør i Noreg vil utvikle seg framover. I dag har vi ei stor spreiing i resultata frå klimamodellane, seier Kvamstø.

Studien utført av Asgeir Sorteberg ved UiB/ Bjerknessenteret i 2011 viser at det er ein samanheng mellom nedbørsauken og endring i stormbanane.

Figur: Asgeir Sorteberg

 

Frå 1949 – 2006 har talet på lavtrykk på veg inn mot Norskehavet auka med 33 prosent for vinteren og 13 prosent for sommaren. Intensiteten vinter og haust er også auka høvesvis med 14 og 9 prosent.

I FNs klimapanel sin fjerde hovudrapport går det fram at ein ventar ein liten nordleg forskuving av lavtrykksbanane mot slutten av dette århunderet. Det er også venta ei moderat auke i nedbøren knytt lavtrykksbanene.

For våre nordområder vil eit auka innslag av lavtrykk, særleg på vinterhalvåret,  ha mykje å seia for klimaet ettersom lavtrykka tek med seg mykje varme og fuktigheit. Vi såg eit døme på dette tidlegare i vinter då ein slik situasjon gav rekordvarme og mykje nedbør på Svalbard.

 

Kvifor oppvarminga har tatt ein pause

Dei siste femti åra har ein hatt ei generell oppvarming av temperaturen på jorda.
Samstundes kan ein sjå ei utflating dei siste fjorten åra, sidan 1998.

– Dette er noko som stadig vert tatt opp av klimaskeptikarar. Rolla til den naturlege variabiliteten i forhold til den menneskeskapte oppvarminga er nok underkommunisert, seier Tore Furevik, professor i osceanografi ved UiB og Bjerknessenteret.

– Det er truleg at oppvarminga den siste tida har vore maskert av eit unormalt kaldt Stillehav og mindre solaktivitet.  Alt tyder derfor på at me snart vil gå inn i ein periode med sterkare oppvarming enn det berre drivhuseffekten skulle tilseie.

Figur: Helge Drange

 
Furevik viser til at fleire klimaforskarar, blant anna Foster og Rahmstorf (2011), no har undersøkt kva som skapar den naturlege variasjonen i klima.

Det er i hovudsak tre variablar som er viktige:
Den såkalla ENSO-effekten, El Niño- effekten med varme og kalde periodar i Stillehavet, store vulkanutbrot, og variasjon i solaktivitet.

Furevik fortel at ein har brukt ein statistisk modell, der ein kan isolere effekten av dei ulike variablane frå den totale globale temperaturen.

Resultatet kan ein sjå i figuren under. Feltet som er skravert i grått viser variasjonane i dei tre variablane frå 1960 til 1997/98. Her ser ein at det ikkje har vore langtidsendringar i dei naturlege pådriva som kan forklare den globale oppvarminga ein har hatt etter 1960.

 

Feltet i figuren som er skravert i grønt viser perioden frå 1998 til i dag, når ein har ei utflating av temperaturen. Her ser ein at ein i 1997/1998 hadde den varmaste perioden ein har hatt i Stillehavet, men utover 2000-talet har ein gått over i ein kald periode. I samme periode har det ikkje vore vulkansk aktivitet av betydning.

I solaktiviteten ser ein at ein gjekk frå ein aktiv periode på byrjinga av 2000-talet til ein minimum i 2010.

– Konklusjonen er då at ein har ei utflating av temperaturen på grunn av eit midlertidig kaldt Stillehav, samstundes som ein har gått frå eit maksimum til eit minimum av solaktivitet, seier Furevik.

 
Klimavarsling på Bjerknessenteret

Medan klimamodellane varslar endringar for hundre år frametter og værvarslinga konsentrerer seg om notida, vil dei tiårige varsla kunne seie noko om den nære framtida, dei kommande ti til tjue åra.

Dette er viktig med tanke på fiskeressursar og næringsliv. I Barentshavet til dømes, ligg både Skrugard- og Shtokmanfeltet heilt i grensa for sjøisdekket.

I fjor starta Bjerknessenteret gjennom SKD opp eit prosjekt med å utvikle tiårige klimavarsel. Dette vert det også arbeidd med ved UK Met Office, som allereie har lagt ut forsøksvise varslar.

– Våre område, som norskekysten, har spesielle behov, og me bør ikkje stole på at andre land lagar varslar for oss, seier Furevik.

Han viser til at Bergensmiljøet har mange fortrinn for å utvikle slike varslar, ved å ha ein kompetanseklynge innan havobservasjonar, både assimilering og modellering av klima.