Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Redd «Polarfront»!

Den varsla avviklinga av vêrskipet MS «Polarfront» vil få alvorlege konsekvensar for overvaking og forståing av klimaendringar, skrivar kronikkforfattarane i BT.

Body

Av: Ingunn Skjelvan, forskar, Bjerknessenter for klimaforskning
Truls Johannessen, professor, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen
Yngve Børsheim, seniorforskar, Havforskningsinstituttet i Bergen. Kronikken var først publisert i BT 16.03.09.


Måleseriane som med dette forsvinn er vurdert blant dei aller viktigaste seriane for klima og miljø i Noreg (Forskingsrådet, 2003). No treng vi politikarar som kan finne nye finansieringskjelder og sikre at drifta av vêrstasjonen held fram.

Den varsla avviklinga av vêrskipet og stasjonen vil få alvorlege konsekvensar for overvaking og forståing av klimaendringar. I eit brev til Gunnar Kvassheim (V) skriv forskingsministeren at drift av vêrskipet ikkje lenger er kostnadseffektivt pga den teknologiske utviklinga på satellittområdet, og at dei oseanografiske målingane i framtida kan overførast til bøyer.

Ein viktig stasjon

Det er rett at nokre av havmålingane frå vêrstasjonen kan utførast med bøyer og sensorar, men dei fleste havmålingane tatt på stasjonen finst det i dag ikkje påliteleg sensorteknologi for, og realiteten av ei avvikling er dermed at vi mister viktige forskingsdata. Utan lange tidsseriar frå faste posisjonar vil vi som forskarar vere mindre i stand til å vurdere om det vi observerer er eit resultat av naturlege kortsiktige svingingar eller langsiktige trendar.

I følgje Kyoto-protokollen har vi forplikta oss til å stabilisere innhaldet av karbondioksid (CO2) i atmosfæren. Dette krev ei grundig overvaking av karboninnhaldet i havet, sidan det er her mykje av CO2-utsleppa våre hamnar. Sidan den industrielle revolusjonen har havet absorbert nesten halvparten av CO2-mengda sleppt ut frå bruk av fossilt brensel. Om vêrskipet vert lagt ned misser vi ein viktig stasjon for overvaking av karboninnhaldet i havet. Målingane som vert gjort på M/S Polarfront har vist at karbonmengda i overflatevatn i den nordlige Atlanteren aukar, noko som inneber at havet har mindre evne til å ta opp CO2 over tid. Dermed blir ein større del av CO2-utsleppa igjen i atmosfæren. Ei liknande utvikling er også oppdaga i Sørishavet. Om dette held fram, må klimagassutsleppa våre reduserast meir enn vi tidligare har rekna med for å unngå ein global temperaturauke på over to grader, som er EU-målet. Men utan kunnskap om kor mykje CO2 havet kan ta opp er det vanskeleg å talfeste denne utsleppsreduksjonen.

Må ha skip på staden

Havforsuring er eit anna forskingsområde som vil lide om vêrskipet vert lagt ned. Forsuringa er ein konsekvens av auka konsentrasjon av CO2 i havet, og prosessen vil direkte påverke havmiljøet og indirekte også økonomien. I fyrste omgong vil havforsuring ha konsekvensar for korallar og plankton med kalkskjel, og dernest den marine næringskjeda og fiskerinæringa. Dette er ein prosess som går seint, men jamt og trutt, og for å kunna forstå denne prosessen fullt ut er det svært viktig å følgje med på dei gradvise endringane som skjer i havet. Dette klarar vi ikkje sjølv med den beste pH-sensoren som er å få kjøpt, fordi den ikkje er nøyaktig nok. Her må vi bruke vassprøvar og analysemetodar som krev at eit skip er tilstades og samlar inn desse prøvane for oss.

Klimaet påverkar planktonet

Dette er også tilfelle for biologiske prøvar; karbon- og oksygenisotopar i havet; nokre av dei atmosfæriske klimagassmålingane og målingar av gasstransport mellom hav og luft på vêrstasjonen. Vi treng kunnskapen om gasstransport for å kunne rekne ut karbonopptaket i havet betre. Målingar av næringssalt, plankton og klorofyll er ein av få måleseriar som i detalj dokumenter oppblomstringa om våren og utviklinga av plantemateriale utover sommar og haust. Planktonprøvar er også ideelle for å måle klimaeffektar i havet då slike effektar viser seg i form av endra planktonsamfunn.

Storskala-sirkulasjon

Data frå stasjonen har fram til no vore brukt på mange ulike forskingsfelt og ført til eit stort tal med vitskaplege publikasjonar. Dei lange måleseriane av salt og temperatur er t.d. solide bevis for at havet vert varmare. Oppvarminga starta i djuphavet på 80-talet og spreidde seg etter kvart oppover i vasskolonna, og fenomenet vart knytt til endringar i havet sin storskala-sirkulasjon. Atmosfæriske målingar av karbondioksid og andre klimagassar starta opp på vêrstasjonen tidleg på 80-talet i regi av USA (NOAA - National Oceanic and Atmospheric Administration), og sidan den gongen har konsentrasjonen av CO2 auka jamt og trutt. Desse målingane er i dag viktige referansepunkt i klimaovervakinga.

På plass året rundt

M/S Polarfront opererer den siste og nordlegaste av i alt tretten vêrstasjonar i Atlanterhavet, og vêrstasjonen går under namnet stasjon M. Den er strategisk plassert i Norskehavet der skipet kan overvake både nordgåande, varmt atlanterhavsvatn og den kalde, djupe returstraumen som går tilbake til tropane. Ved å overvake denne havsirkulasjonen, som er heilt sentral for det milde klimaet vårt, kan vi også fange opp eventuelle endringar som oppstår.

Opp gjennom åra har fleire skip operert stasjonen, og sidan 1976 har M/S Polarfront og Misje Rederi vore operatør. Båten ligg på stasjonen året rundt berre avbrote av korte turar til land for mannskapsskifte og proviantering. 8 personar pr skift utfører i dag alle oppgåvene, frå vêrobservasjonar og rapportering til innsamling av vassprøvar og analysar.

Dramatiske endringar

Desse lange måleseriane frå ein fast posisjon vil stoppa opp om vêrskipet på stasjon M vert lagt ned. Då vil også opparbeid kunnskap vere mindre verdt, og vi som forskarar vere mindre i stand til å uttale oss kvalifisert om endringar over tid. Dette er dramatisk i ei tid som nettopp er kjenneteikna av endringar. Forskinga vert fråtatt ein plattform som er ideell for å studere prosessar som vi ikkje fullt ut forstår og som er ideell for å overvake endringar i havet knytt til klimaendringar, og Noreg vert fråtatt det aller siste vêrskipet. Har vi råd til å miste alt dette, statsråd Aasland?