Nytt rekordår for CO₂-utslepp
Globale CO₂-utslepp frå fossile brensel er venta å vere 1,1 % høgare i 2025. Havet sitt opptak av karbondioksid er blitt vurdert på nytt basert på sterkare bevis og ny forståing.
Publisert 13. november 2025
Skrevet av Tori Pedersen

Havet har teke opp 29 % av dei totale utsleppa det siste tiåret, ifølge rapporten for 2025. Foto: Ellen Viste / Bjerknessenteret.
Det globale karbonbudsjettet blir publisert under klimatoppmøtet i Belém, Brasil, torsdag. Karbonbudsjettet for 2025 er estimert til eit globalt CO₂-utslepp på 38,1 milliardar tonn.
Forskarar frå Universitetet i Bergen, NORCE og Bjerknessenteret har levert store mengder data om tilstanden i verdshava, både gjennom observasjonar og modellar.
Ny forståing
Havet sitt CO₂-opptak er vurdert på nytt basert på ny forståing. Bruk av nye data og ny kunnskap har gjort det mogleg å få meir presise tal.
Havet har teke opp 29 % av dei totale utsleppa det siste tiåret, samanlikna med 26 % i tidlegare budsjett.
- Basert på nye bevis frå felt- og modellstudiar, det gjeldande karbonbudjsettet inkluderer ny CO₂-data som er korrigerte til temperaturen i det øvste havlaget (der gassutvekslinga skjer), i staden for den tradisjonelt brukte, og litt varmare, bulk-temperaturen litt lenger nede, seier Abdir Omar.
Omar, frå NORCE og Bjerknessenteret, er ein av forskarane som har arbeidd med havopptaket i denne rapporten.

Abdir Omar fortel om ny kunnskap i kartlegging av havets evne til å ta opp CO₂. Foto: Andreas R. Graven, NORCE
Store variasjonar
Sidan 2016 har havet si evne til å ta opp CO₂ vore relativt stagnert, hovudsakleg på grunn av klimavariasjonar som har forstyrra den tidlegare oppadgåande trenden, og ytterlegare påverka av hetebølgja i havet i 2023–2024 på den nordlege halvkule. Det foreløpige anslaget for 2025 ligg litt under nivået for 2024 etter ein periode med El Niño.
- Sjølv om havet historisk har vore eit jamt aukande karbonsluk, veit vi at det er store variasjonar frå år til år og tiår til tiår, og opptaket kan stagnere i periodar. Særleg på tidsskalaer over tiår forstår vi ikkje fullt ut dei underliggjande mekanismane bak variasjonane – så overraskingar kan skje, seier Omar.
10 år etter Paris
Ettersom utsleppa er venta å auke med 1,1 % i 2025, er dei 10 % høgare enn i 2015, ti år etter at Parisavtalen vart vedteken.
- CO₂-nivåa i atmosfæren aukar raskere enn nokon gong målt. Det betyr meir varme, meir ekstremvær – og utslepp som vil prege klimaet i mange hundre år framover. Vi står midt i ei utvikling som forsterkar seg selv, der naturens evne til å ta opp karbon svekkast. Skal vi klare å snu dette, må vi forstå heile karbonkretsløpet – både utslepp og opptak. Kunnskap er vårt viktigaste verktøy for å handle i tide, seier Kikki Kleiven, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

CO₂ sluppet ut av mennesker utveksles mellom atmosfæren, havet og vegetasjonen på jorden. Figuren viser årlige gjennomsnitt for perioden 2015–2024 i GtCO2. Ill.: Global Carbon Budget 2024
Årlege variasjonar
Endringar frå år til år i CO₂-nivået i atmosfæren er hovudsakleg drive av skifte mellom El Niño- og La Niña-tilhøve i det tropiske Stillehavet. Den siste El Niño (2023–2024) enda sist sommar. Landbaserte karbonsluk er venta å kome tilbake til nivået før El Niño i 2025, etter ein kraftig nedgang i 2024, ifølgje rapporten.
Dette betyr at dei landbaserte systema på jorda har gjenvunne evna til å ta opp CO₂ frå atmosfæren til nivået dei hadde før El Niño-hendinga i 2023–2024. Desse systema blir ofte mindre effektive til å ta opp CO₂ på grunn av endringar i temperatur og nedbør.
I 2025 er det venta at karbonutslepp frå Kina og India vil vekse seinare enn dei har gjort dei siste åra. Og sjølv om globale fossile CO₂-utslepp heldt fram med å stige, har utsleppa hatt ein statistisk signifikant nedgang i 35 land som representerer 27 % av dei globale fossile CO₂-utsleppa det siste tiåret (2015–2024).

Kilder til utslipp og opptak siden 1850. Grått: Utslipp fra fossilt brensel. Gult: Utslipp fra endringer i arealbruk. Blått: Vekst i atmosfærens CO2-innhold. Lysegrønt: Opptak i vegetasjon på land. Mørkegrønt: Opptak i havet. Ill.: Friedlingstein m.fl. 2025.
- Fire år att
Samtidig er utsleppa i USA og EU venta å auke i år — delvis på grunn av vêrforhold.
Rapporten seier at det resterande karbonbudsjettet for å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 °C er «nesten oppbrukt». Det gjenværande budsjettet for 1,5 grader tilsvarar fire år med utslepp på 2025-nivå.
«Vi kan realistisk sett berre seie farvel til 1,5-gradersmålet. Dersom vi held fram som no, har vi kanskje fire år igjen, og så er vi forbi 1,5 grader. Konklusjonen er rett og slett at vi framleis ikkje er i stand til å oppfylle måla i Parisavtalen», seier Omar.