Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Om hundre år kan nesten alle brear vere borte

Langtidsvarslinga for Vest-Norge frå RegClim viser at sommartemperaturen kan stiga med gjennomsnittleg 2,3 grader i perioden 2070-2100. Samstundes vil nedbøren om vinteren auka med 16 prosent. Dersom dette slår til, kan 98 prosent av alle breane i Noreg smelta vekk.

Body

 

Det er breforskarane Jostein Bakke, Øyvind Lie og Atle Nesje ved Bjerknessenteret som har utført dette analysearbeidet på bakgrunn av RegClim sine prognosar.

-- Ålfotbreen vil vere den første som forsvinn. Deretter Fresvikbreen og Midtre Folgefonna. Så vil truleg Hardangerjøkulen smelte bort, seier Atle Nesje.

Også breane i Jotunheimen vil vere mellom dei første som forsvinn ettersom dei ligg i område med svært lite vinternedbør. Dei høgstliggjande delane av Jostedalsbreen vil halde ut lengst.

Store konsekvensar

Det er i alt 1627 breer i Norge, fordelt på 714 i Sør-Norge og 913 i Nord-Norge. Breane har eit samlet areal på 2609 km2, fordelt på 1592 km2 i Sør-Norge og 1017 km2 i Nord-Norge. Det totale brevolumet i Norge er rekna til 164 km3, fordelt på 100 km3 i Sør-Norge og 64 km3 i Nord-Norge.

 -- At så mange brear smeltar bort, vil sjølvsagt få konsekvensar for avrenningsmønsteret, vasstemperatur og sedimenttransport frå noverande brevassdrag. Dette vil igjen få konsekvensar for kraftproduksjon, turisme og ferskvassfiske, seier Atle Nesje.

Han viser spesielt til Briksdalsbreen. I 1997 dekka bretunga heile vatnet under breen. No er det berre så vidt Briksdalsbreen når ned til vatnet. I 2003-2004 drog Briksdalsbreen seg heile 130 meter tilbake, seier Nesje.

Smelta bort – kom tilbake

Fleire forskningsprosjekter dokumenterer at alle dei største breane i Skandinavia har vore heilt vekksmelta minst ein gong i løpet av dei siste 10.000 år.

Svein Olaf Dahl., Øyvind Lie og Jostein Bakke har saman med Atle Nesje analysert sedimentprøvar som er tekne opp frå vatn ved mange av dei største breane i Norge, mellom anna frå Folgefonna.

Kunnskapen om breane sine variasjonar viser kor følsame dei er i forhold til endringar i sommertemperatur og vinternedbør. Informasjon frå både Sør- og Nord-Norge viser at dei fleste breane forsvann for 7000-8000 år sidan i ein periode med ca. 1 grad høgre sommertemperatur enn i dag.

Jostedalsbreen smelta vekk for omtrent 7600 år sidan. Sommartemperaturen var på den tid ca. 0,7 grad varmare enn i dag (1961-90)  og vinternedbøren omtrent som i perioden 1961-90. Hardangerjøkulen smelta vekk for omtrent 8000 år sidan. Sommertemperaturen var omlag 1 grad høgare enn i dag og vinternedbøren redusert til 80 prosent av dagens (1961-1990).

 Folgefonna smelta vekk for 9700 år sidan i ein periode då sommartemperaturen var om lag som i dag og vinternedbøren redusert til 70 prosent av i dag (1961-1990). Svartisen smelta vekk for omlag 9800 år sidan. Sommartemperaturen var då omlag 1 grad varmare enn i dag, og vinternedbøren redusert til 50 prosent av dagens (1961-1990).

 Klimasystemets kanarifuglar

Brear blir ofte omtala som ’kanarifuglane’ i klimasystemet. Dette uttrykket er lånt frå gruve-arbeid i gamle dagar, der kanarifuglar i bur blei tatt med inn i gruver fordi dei har dårlegere toleranse for kullos enn menneske. Når kanarifuglane døydde, fekk gruvearbeidarane eit varsel om at dei måtte evakuere gruva. Breane har blitt brukt på liknande måte, mellom anna i FNs klimarapport fra 2001.

-- Den sterke avsmeltinga som ein har observert globalt dei siste tiåra kan vere eit varsel på  effektene av den globale oppvarminga, seier Jostein Bakke, Øyvind Lie og Atle Nesje ved Bjerknessenteret.