I si jubileumsforelesing “The fingerprints of Vilhelm Bjerknes on modern climate science” gav sir Brian Hoskins eit overblikk over dagens klimaforsking. Eit av hovudpunkta hans var at Vilhelm Bjerknes’ sirkulasjonsteorem kan bli meir sentralt i klimaforskinga frametter. Han la vekt på nødvendigheten av undersøke strukturar I fenomen som “blokkerande høytrykk” i atmosfæra for å lage betre ver- og klimaprediksjonar. Hoskins meiner Bjerknes si innsikt om sirkulasjonskonseptet kan vere eit sentralt verkty.
Sirkulasjonsteoremet til Vilhelm Bjerknes kan forklare korleis sirkulasjonar I hav og atmosfære oppstår. Her knytta han saman saman fagfelta hydro- og termodynamikk.
– Termodynamikk har lenge dominert klimavitskapen. Men eg trur me må legge like mykje vekt på (“fluid mechanichs”) som termodynamikk, sa sir Brian Hoskins i sitt foredrag.
Eystein Jansen, sir Biran Hoskins og Nils Gunnar Kvamstø. foto: Gudrun Sylte
Eystein Jansen la særleg merke til korleis Hoskins opphevde skiljet mellom vermelding og klimaforsking.
– Hoskins hevda at ein I framtida vil få ei meir saumlaus overgang mellom varslar på kortare tidsskala som dagar og veker, til sesongvarsling og klimavarsel som går fleire tiår fram i tida. Dette gjeld særleg klimavarslar i mindre regionar der det blir viktig å forstå systematikken og strukturen i verfenomena for å forstå korleis klimaendringene vil spele seg ut i framtida, seier Jansen.
Nettopp klimavarslingar på tiårig skala er no under utvikling på Bjerknessenteret under SKD.
Nils Gunnar Kvamstø legg vekt på at Hoskins understreka at det er viktig å betra klimamodellane og at dette arbeidet bør organiserast på ein måte som i større grad integrerer prosessforståing.
– Han poengterte likevel sterkt at det er veldig mykje verdifull informasjon i klimamodellane til trass for systematiske feil og manglar, seier Nils Gunnar Kvamstø, instituttleiar ved Geofysisk institutt.
Etter foredraget møtte Hoskins fagmiljøet ved Geofysisk insitutt og Bjerknessenteret for faglege diskusjonar.