Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Uni Research, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

MILLIONAR TIL KLIMABYGG: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (i midten) og regjeringa gir 30 millionar kroner til rehabilitering av Geofysen ved UiB. Det historiske bygget skal samle klimaforskarane i Bergen og er hjørnesteinen i Klimaklynga ved UiB. Rektor Dag Rune Olsen (til venstre) og instituttleiar Nils Gunnar Kvamstø (til høgre) meiner eit godt bygg legg grunnlaget for verdsleiande forsking og utdanning. Foto: Jens Helleland Ådnanes, UiB

Gåvepakke til klimasatsinga

Regjeringa og kunnskapsministeren gir 30 millionar kroner til rehabilitering av Geofysen. Dermed ligg alt til rette for at bygget vert etablert som hjørnesteinen i UiB si klimaklynge, og kan samle klimaforskingsmiljøa i Bergen.

Då kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vitja Universitetet i Bergen (UiB) 11. mai kunne han fortelje at UiB får 30 millionar kroner til rehabilitering og oppgradering av Geofysen. Dette bygget er ein viktig faktor i UiB si klimaklynge, og samlar klimaforskarar frå mellom andre Bjerknessenteret og Geofysisk institutt. Løyvinga kjem over det reviderte statsbdsjettet.

Torbjørn Røe Isaksen på Geofysisk
MØTTE KLIMAFORSKARANE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vart møtt av eit fullsett auditorium på Geofysen. Foto: Jens Helleland Ådnanes, UiB

I auditoriet på Geofysen understreka Røe Isaksen at universitetsbygg ikkje berre handlar om å ha tak over hovudet, men å legge til rette for den aller beste forskinga og utdanninga. 

– Bergen har dei desidert leiande miljøa inna klimaforsking i Noreg, sa kunnskapsministeren.

– Dette er svært gledelege nyhende. Med denne løyvinga kan vi no fullføre rehabiliteringa og oppgraderinga av bygget. Denne typen prosjekt er viktig for at vi som universitet skal kunne levera forsking og utdanning av høg kvalitet, seier rektor Dag Rune Olsen ved UiB.

Samlar klimakunnskapen

Det samla miljøet i Geofysen utgjer ein viktig del av kunnskapsklynga for klimaforsking og er eit miljø som er store aktørar innan dagens klimaforsking.

Dekanen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Helge K. Dahle, er ikkje overraskande glad for at det no vert fortgang i oppgraderinga av eit av UiB sine signalbygg.

– Den faglege aktiviteten i Geofysen har alltid vore ein fagleg drivar for heile fakultetet og universitetet. Rehabiliteringa gjer at det kan fortsetje, og klimaklynga får eit geografisk samlingspunkt, seier Dahle.

UiB er alt i ferd med ei rehabilitering av tak og fasadar i komplekset. No kan ein gå vidare med planane for å vidareutvikla klimaklynga, mellom anna med planlegging av møterom og kantine i underetasjen. Dette vil verte ein viktig samhandlingsarena for Geofysisk institutt, Bjerknessenteret, Meteorologisk Institutt og fleire andre tilknytte miljø.

UiB stiller med den same summen som Regjeringa til rehabiliteringa.

Forskingshistorisk bygg

Bygningskomplekset i Allegaten 70 og Jahnebakken er eit kjent bygg i Bergen, der det tronar på den sør-austlege delen av Nygårdshøyden og Florida, med utsikt mot Store Lungegårdsvann.

Bygget er også ein viktig del av UiB si historie. Hovuddelen, teikna av arkitekten Eigil Reimers, vart reist i 1928. I 1946 la Kong Haakon ned grunnsteinen for dei to fløyane på Geofysen, nokre månader etter at Stortinget vedtok at universitetet skulle opprettast.

Geofysen vart dermed det første nybygget etter opprettinga av UiB, og ein av grunnsteinane i UiB si verksemd.

Oppgradering naudsynt

Medan Geofysen vart rekna som svært godt utstyrt for dei første forskarane som brukte det, er det i dag eit påtrengande behov for oppgradering.

Tidleg i 2017 flytta Bjerknessenteret inn i den rehabiliterte vestfløyen, Jahnebakken 5.

Resten av bygningskomplekset har stort behov for oppgradering. Bygningane rommar mellom andre Geofysisk institutt og den eksterne leigetakaren Meteorologisk institutt. Bygga inneheld kontorarbeidsplassar, laboratorium og studentarbeidsplassar.

– Når dette bygget står ferdig vil vi kunne samla dei solide klimaforskingsmiljø her i Bergen. I Klimaklynga er målet å gje det som allereie er leiande miljø grunnlag for å ta ytterlegare steg framover, seier rektor Olsen.

Bursdagsgåve til hundreåring

Geofysisk institutt vart etablert som eit forskingsinstitutt i 1917, og fyller dermed hundre år i år. Instituttleiar Nils Gunnar Kvamstø er stornøgd med bursdagsgåva til hundreåringen.

– No kan forskarane og studentane våre få dei verkemidla dei treng til å drive med forsking i verdsklassa. Det er viktig for oss å få eit samlingspunkt for dei sterke miljøa som forskar på klima i Bergen, seier Kvamstø

Tørbjørn Røe Isaksen får kake
FEIRING PÅ GEOFYSEN: Forskarane og studentane får eit oppgradert bygg, etter at Regjeringa legg 30 millionar kroner i potten til oppgradering av bygget. Universitetet i Bergen bistår med den same summen. Foto: Jens Helleland Ådnanes, UiB