Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Forsidebildet for årets årsrapport er et helikopterglimt av forskningsskipet R/V Lance, som var innefrosset og drev med sjøisen fra januar til august 2015. Forskere fra hele verden brukte skipet som en base for feltarbeid gjennom dette halvåret organisert av Norsk Polarinstitutt og feltkampanjen N-ICE. Foto: Algot Peterson, ph.d kandidat UiB og Bjerknessenteret.

Fjoråret fra vårt perspektiv

2015 er året Bjerknessenteret styrker seg, skriver Direktør Tore Furevik

Body

Bjerknessenteret held fram med å vekse, og tel no over 200 forskarar frå kring 40 ulike land. Ein tilsvarande vekst ser me også i konkurransen om forskingsprosjekt. Det er verd å merke seg at 2015 inkluderer både ein ”Consolidator Grant” frå det Europeiske forskingsrådet og det store infrastrukturprosjektet ICOS på nærare 100 millionar norske kroner. Etter forskingstildelingar frå Forskingsrådet og EU er partnarane i Bjerknessenteret lista respektivt som topp to og topp tre innanfor klima. 


Annual Report 2015 by Bjerknessenteret on Exposure

 

Tore Furevik
Tore Furevik Direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning. Foto: UiB

Bjerknessenterets vitskaplege produksjon med tanke på fagfellevurderte artiklar var omtrent den same som føre år. Bjerknesforskarane held fram med å vere viktige bidragsytarar til nye datasett samla etter mange år med systematisk arbeid, til dømes i DATED, SOCAT-3 og GLODAP-2. Slike datasett er uvurderlege for det globale vitskapssamfunnet.

Bjerknessenteret held fram med å tiltrekke seg internasjonal vitskapsfolk til Bergen. I år har me vore vertskap for to store samlingar: 50 deltakarar samlast for å diskutere ”high-latitude dynamics”, medan den 45. ”Arctic International Workshop” samla meir enn hundre deltakarar. Både i form av storleik, tal på prosjekt, publikasjonar og internasjonal deltaking, kan eg med visse slå fast at senteret står sterkt som eit stort og viktig internasjonalt klimaforskingssenter.

Utdanning av klimaforskarar og formidling

Slik det har vore varsla ei tid, vart 2015 det varmaste året som nokon gong er målt på jorda. Den globale gjennomsnittstemperaturen knuste den tidlegare rekorden frå 2014  med 0.15 °C, og for den første gongen er temperaturen 1°C høgare enn ved slutten av det 19. århundret. I Noreg var året det nest varmaste og det tredje våtaste som er målt.   

Det er samstundes gode nyhende. Det globale karbonprosjektet, med bidrag frå Bjerknessenteret, estimerer ei nedgang i globale drivhusgassutslepp frå 2014 til 2015, delvis på grunn av ei eksplosiv vekst i fornybar energi. Og Parisavtalen vart vedteken. For første gang i historia har verda blitt samde om å redusere klimaendringar, og ein konkret plan for korleis ein skal få dette til.

Noreg følgjer resten av Europa og har vedteke å redusere utsleppa med førti prosent innan 2030. Med berre fjorten år på å gjennomføre dette, er det svært nødvendig med eit snarleg skifte mot eit grønt og bærekraftig lav-utsleppssamfunn.

Me vil bidra til dette skiftet ved å halde fram løysingsorientert forsking og bidra til å få kunnskapen ut i samfunnet. Døme er dei to nye rapportane,  Sea level Change for Norway og Klima i Norge i 2100, samt den kommande nordiske konferansen om klimatilpassing From research to action, der me ventar 300 deltakarar til Bergen i august.

Samlokalisering i sikte

Løyve for renovering og ombygging av Vestfløyen på Geofysisk institutt vart sikra tidleg i 2015. Arbeidet er no i full gang. Bjerknesfolk ved UiB og Uni Research blir dei første til å flytte inn i dei splitter nye lokala allereie i 2017, det same året som GFI er 100 år og Bjerknessenteret vil feire 15. års jubileum. Eg ser fram til feiringane. 

 

Sjå heile årsrapporten for 2015 her