Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Bergensforskarar overvaker verdas kaldaste havstraum

Den første avanserte målestasjonen for langtidsobservasjonar av klimaendringar i ein av dei viktigaste havstraumane i verda er nå på plass i det islagte Weddellhavet i Antarktis.

Body

Forskarar frå Bjerknessenteret for klimaforskning og Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen har nyleg lykkast med å sette ut ein høgteknologisk målebøye i det sørlege Weddelhavet. Formålet er å overvake havklima og endringar i iskappen i Antarktis.

Kva som vil skje med Vest-Antarktis under den globale oppvarmingen som nå også kan observerast i Antarktis er ein joker i klimaspørsmålet. Iskappen i vest-Antarktis består av is som ligger på fast grunn, men delvis under havnivå og den har to store isbremmar som flyter på havet. Under denne isbremmen strøymer det havvatn som smelter isen og dannar verdas kaldaste havvatn. Denne straumen er av vital betyding for den globale havsirkulasjonen, og dermed for klimaet på jorda. Om den globale oppvarmingen fører til at iskappen blir tynnare kan dette også føre til at isen i Vest-Antarktis blir ustabil og glir ut i havet.

- I verste fall kan all isen i Vest-Antarktis gli ut i havet, noe som betyr at havnivået vil stige med 3-4 meter, seier seniorforskar Svein Østerhus ved Bjerknessenteret.

Østerhus understrekar at ein slik prosess vil ta lang tid og er vanskeleg å varsle, men desto viktigare blir det å måle endringar i den superkalde havstraumen som kommer ut under isbremmen.

- Viss bunnstraumen endrar seg kan det tyde på at noe dramatisk er i ferd med å skje med isen Antarktis, seier Østerhus.

Det er nettopp denne typen endringar målestasjonen for langtidsobservasjonar skal kunne fange opp og dermed kunne gje eit tidleg varsel om at noko er i ferd med å endra seg. Overvakningsbøya registrerer blant anna straum, temperatur og saltinnhald.

Utviklinga og utsettinga av målestasjonen er ein del av forskingsprosjektet BIAC - Bipolar Atlantic Thermohaline Circulation - som er eit av dei største prosjekta i det internasjonale polaråret og koordinerast av Bjerknessenteret. Målestasjonen er utvikla i samarbeid med det Bergensbaserte selskapet Aanderaa Data Instruments. Bøyen er konstruert slik at den kan fortsette å registrere data i mange år utan vedlikehald. Data sendes akustisk til skip eller overflatebøyar når det er isfritt (januar-februar).

Kontaktpersonar

Svein Østerhus, Bjerknessenteret, e-post: Svein.Osterhus@bjerknes.uib.no, tel. 55582607/95189590
Tor Gammelsrød, Geofysisk institutt, UiB, e-post: Tor.Gammelsrod@gfi.uib.no, tel. 55582695/95210061

BIAC prosjektets heimeside finner du her .