Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Kunnskapsutveksling om vær, klimaendringar og værtenester: Frå venstre  Scott Bremer, Amandine Tisserand, Amadou Diakite, Sekou N´Faly Sissoko og Teferi Demissie. Foto: Gudrun Sylte

Tilpassar yr.no for Mali

I jordbruksesongen i Mali er bøndene avhengig av regn til rett tid. No blir værtenesta yr.no tilpassa for å kunne nyttast i regnsesongen i det afrikanske landet.

Body

Klimaforskarane Teferi Demissie, Erik Kolstad, Amandine Tisserand og Scott bremer har denne veka hatt to gjester på besøk frå Mali. Værmeldar Amadou Diakite og Sekou N´Faly Sissoko, direktør ved det meteorologiske instituttet i Mali, Agence Mali-Meteo, er i Bergen som del av eit nytt prosjekt som spesielt jobbar med å utvikle betre værtenester for jordbruket i Mali.  

På plass i Bergen jobbar forskarane med databruken og modellane nytta i yr.no, og samanliknar korleis værmeldingane passar med observerte data i Mali.

 

Uventa værhendingar

I Mali er jordbruksesongen den same som regnsesongen, som varer frå juni og ut september.

80 prosent av bøndene i Mali er avhengig av regn for å få avlingen til å gro. Men dei siste åra har bøndene møtt nye utfordringar, når været oppfører seg ikkje som venta.

I mai i fjor førte kraftig regnvær til flom og store skader, 16 liv gjekk tapt.

­– Regn i mai er ikkje venta. Værmelding har blitt utfordrande med fleire episodar med regn og flom utanfor sesongen. Me treng meir kunnskap kring korleis klimaendringar påverker været i Mali, seier Teferi Demissie, klimaforskar ved Norce og Bjerknessenteret.

 

To værsesongar

Mali har inga kystline, men er påverka av det marine klimaet på vestkysten av Afrika. Her er det hovudsakleg to værsesongar: Den kalde sesongen og regnsesongen. Dei nordlege delene av landet strekker seg inn i Sahel regionen, der lufttemperaturane kan variere frå kaldt til ekstremt varmt.

Medan regnsesongen er varm og fuktig, er den kalde sesongen langt tørrare. Den startar i slutten av oktober/ byrjinga av november, og varer til mars-april. Kalde temperaturar er ikkje som hos oss langt mot nord, men byrjar med temperaturar ned i 7°C og byggjer seg gradvis opp til 32-36°C før regnet set inn på ny.

– Den kalde sesongen handlar ikkje så mykje om temperatur, men meir om lite regn. Denne sesongen har mykje vind og sandstormar, seier Amadou Diakite, værmeldar ved Agence Mali-Meteo.

På grunn av fokuset på jordbruk, jobbar forskarane med værmeldingar for ti dagar, som er vanleg i Mali. Kvar tiande dag samlar beslutningstakarar seg for å diskutere været og korleis det vil påverke landet.

­­– Det er ganske imponerande, og verkeleg noko som me kan lære av, seier Scott Bremer.  Han er samfunnsvitar ved UiB og Norce, og undersøker korleis tillit og bruk av værmeldingar speler ei rolle i samfunnet.