Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NORCE, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

Erik Kolstad presenterte grunntankane i prosjektet. (Foto: Andreas H. Opsvik)

Nytt prosjekt vil endre måten Noreg førebur seg på klimakatastrofer

CHEX skal styrke klimaprediksjonar, og arbeidet med å få kunnskap om farene ut i verda.

Body

Climate hazards and extremes (CHEX) er eitt av Bjerknessenteret sine fem strategiske prosjekt for 2018-2021. Leiar for prosjektet, Erik Kolstad, presenterte grunntankane for det tverrfaglege prosjektet i eit ope møte: 

– Om vi kan lage en god forutsigelse, så blir vel effektane av klimafarer redusert. Blir dei ikkje? 

Ikkje berre skal vitskapen bli betre til å forutsjå og planlegge for risikoane som klimafarer utgjer, både nasjonalt og internasjonalt, men den må også ta del i prosessane som leier til avgjerder og få informasjonen om farene ut til omverda. I dette ligg mykje av CHEX sin art.

Hensikta er å framskaffe kunnskap som er relevant for politikkutforming, ved å betre prediksjonar av klimafarer ved å integrere data frå lange tidsseriar saman med numeriske data og landbaserte observasjonar.

Vidareføring av tidlegare erfaringar 

Erfaringar frå prosjekt som som Hordaklim og Hordaflom – med fylkeskommunen og fleire klimautsette kommuner i fylket – blir teke vidare. Eit viktig poeng dei tek med seg herfrå er at arbeidet oppimot beslutningstakarar må vere meir direkte, dei veit ikkje alltid kva dei treng av informasjon:

– I Hordaklim var kommunikasjonen eigentleg eit sekundæroppgåve, men det vart hovudoppgåva. Brua mellom lokalbefolkninga, beslutningstakarar og industrien må bli oppretta, for å få betre informasjon frå forskarane. CHEX tek konsekvensen av at det aldri finst ei ferdig bestilling – på mange måtar må ein finne nye vegar kvar gong, seier Kolstad. 

Å arbeide oppimot både publikum og politikkutformarar er eitt av dei fire overståande delmåla i CHEX, dei tre andre går nærare inn på farene og endringane i hendingar for stormflo, flaumar og havnivå. Endringane dei siste 50 åra er store, og ein må vere førebudd på korleis utslaga kan bli:

– Det er fleire regnbaserte hendingar, og færre grunna snøsmelting. Samla er det fleire ekstreme hendingar, men hendingane er ikkje sterkare enn før, seier professor i meteorologi og forskar ved Bjerknessenteret, Asgeir Sorteberg

Ny doktorgrad som limet i prosjektet 

Knytt til CHEX vil det vere ein ph.d. i statistikk, som skal ligge på tvers av prosjektet. Sentralt er arbeidet med å linke klimamodellar til sannsynet for flaum og andre klimafarer. Maskinlæringsalgoritmar skal nyttast på vêrdata frå omlag dei siste hundre år, og nyttast på meir diffuse klimaarkiv på vindstyrke, stormfloer og flaum – til dømes sedimentprøvar frå botnen av innsjøar.

Målet er klimamodellar med høg nok oppløysing både i tid og areal for å lettare sjå korleis endringane påverkar flaumar, og slik få meir nøyaktige og føreseielege meldingar for mindre geografiske areal. 

– Tettare oppløysing i slike modellar kan vere særleg viktig i område med små regnsamlingsområder, seier Sorteberg, noko som blant anna gjaldt mange av stadene råka av oktoberflaumen i 2014.