Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Science

2 results

Djuphavet i Nord-Atlanteren har vore nesten 20 °C

Djuphavet i Nord-Atlanteren har vore nesten 20 °C andreasopsvik tor, 06/30/2022 - 20:00 Djuphavet i Nord-Atlanteren har vore nesten 20 °C Store endringar i temperatur for 50 millionar år sidan overraska forskarane. Djuphavet i tidlegare klima viser seg å vere varmare og variere i større grad enn tidlegare trudd.

Ein ny studie i Science viser at det djupe Atlanterhavet har vore varmare og sett større variasjonar enn ein tidlegare har trudd – og nådd temperaturar på nærmare 20 grader for 50 millionar år sidan – på nivå med det Middelhavet kan ha ved overflata i dag.

Basert på tidlegare rekonstruksjonar trudde vi at temperaturen i djuphavet har vore meir stabil og kaldare.

– Dette viser behovet for nye måtar å utforske klimaet tilbake i tid, seier professor ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret, Nele Meckler.

Figure: Clumped isotope-based reconstruction of deep ocean temperatures in comparison with classical foraminifera isotope records. The dark red line showing temperature represents the understanding in more traditional methods (d18O), while the dotted line and the black and blue symbols show estimates from the new method.
Rekonstruksjonar med isotopklyngetermometri (frå ~3-20 grader) samanlikna med klassiske foraminifera-isotop-rekonstruksjonar (~3-13 grader). Den mørkeraude linja viser temperaturane i meir tradisjonelle metodar (d18O), medan den prikkete linja visar estimat basert på den nye metoden (dei svarte prikkane frå Nord-Atlanteren, vist på kartet med raud stjerne – dei blå trekantane på ulike punkt lengre nedover Atlanteren).

– Vi trudde vi kjente djuphavstemperaturane frå meir tradisjonelle metodar, men vårt nye syn oppstod frå data med metodar som trenger færre antakingar. Dette visar at nokre av antakingane som trengst i dei tradisjonelle metodane treng å bli sett gjennom på nytt, og viser at forskingsfeltet også treng å tenke nytt, seier Meckler.

Med forskarar frå The Open University, Universitetet i Utrecht, University of St. Andrews, University of California Los Angeles og ETH Zürich, har Universitetet i Bergen brukt ein ny metode på gamalt materiale, for å the revurdere referansetidsserien for djuphavstemperatur over dei siste 65 millionar år – det såkalla kenozoikum eller jordens nytid.

Foraminifera being analysed in the laboratory at UiB. (Foto: Eivind Senneset/UiB)
Foraminifera som blir analysert ved laboratoriet på UiB. (Foto: Eivind Senneset/UiB)

Metoden, som på norsk blir kalla isotopklyngetermometri (clumped isotope method, sjå faktaboks) tek ein nærare kikk på den kjemiske samansetjinga av mikrofossilar frå foraminifera, enkelt-cella mikroorganismar som lever i havet. Ved hjelp av denne metoden analyserar dei distribusjonen av isotop i skala, som kan bli brukt som eit termometer for å rekonstruere havtemperaturar frå tida då organismane levde.

Resultata visar store endringar i djuphavstemperaturen innanfor intervallar på mindre enn 500 000 år. 

– I eit geologisk perspektiv, er det ganske raskt, seier Meckler og smiler.

Temperaturestimata frå desse analysene viser totalt sett langt varmare djuphav enn rekonstruksjonane som er gjort hittil. Dette får forskarane til å lure på om ein bør revurdere heile den kenozoiske havtemperaturens historie. Det kunne også ha implikasjonar for vår forståing av sensitiviteten havtemperaturar har for CO2 i atmosfæra, som var veldig høgt på denne tida.

– Vi kan berre spekulere kvifor desse endringane skjedde basert på desse første rekonstruksjonane, men det reiser ei stor mengde spørsmål, seier Meckler, og framhever viktigheita av meir data.

– Robuste klimadata som dette hjelper også til med å teste klimamodellar, for å sjå om dei fangar opp endringar som dette.

Referanse

Meckler, A.N., Sexton, P.F., Piasecki, A.M., Leutert, T.J., Marquardt, J., Ziegler, M., Agterhuis, T., Lourens, L.J., Rae, J.W.B., Barnet, J., Tripati, A., Bernasconi, S.M. (2022): 
Cenozoic evolution of deep ocean temperature from clumped isotope thermometry, Science.
DOI: https://doi.org/10.1126/science.abk0604


 

Lørdag, 22. April bringer March for Science Norway alle som er opptatt av et kunnskapsbasert samfunn ut på gatene i forsvar for kunnskap, uavhengig forskning og uredd forskningsformidling.