Det var ein fullsatt sal då BIFF kjørte i gang dokumentaren ThuleTuvalu onsdag 1. oktober. På siste festivaldag gjekk filmen inn i programmet på Bjerknessenterets klimaforskningsdag. Filmen er eit portrett av folk i Thule, Nord-Grønland, og på Tuvalu, sørvest i Stillehavet. Som følge av at sjøisen smeltar må folk i Thule forlate sin jakttradisjon på isen. I Stillehavet opplever ein at sjølve eksistensen som øynasjon er truga av eit stadig stigande havnivå. Dei følgande seks, korte populærvitskaplege foredraga fulgte samme tematiske akse, frå havnivåstigning i Stillehavet og globalt, til smeltande is og oppvarming av Arktis.
Her kan du sjå innslaget om Bjerknesdagen på BIFF TV
Godt samarbeid
Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) er leiande på dokumentarformidling i Noreg, og har lang tradisjon for dokumentarar om miljø og klima, samla under vignetten Green Screen. http://www.biff.no/filmer/#cat_all-GreenScreen-days_all-N Festivalen har samarbeid med Bergen kommunes klimafestival.- I 12 år har vi presentert viktige dokumentarfilmar for skuleverket i videregåande og på ungdomstrinna. Klima og miljø som tematikk har vært fast på programmet i ei årrekke og det har derfor vore svært naturleg for oss å be Bjerknessenteret om assistanse til å forfatte og utarbeide studiemateriale som skal følge filmenes innhold fra år til annet, seier festivalleiar Tor Fosse.
BIFF flytta i år tidspunktet for festivalen ein månad fram i tid for å gjere det mogleg med eit samarbeid med Forskningsdagene. På bakgrunn av det gode samarbeidet med Bjerknessenteret ønsker BIFF å utvide kontakten med UiB, og har allereie hatt møter med rektoratet.
Møtearena
Bjerknessenterets klimaforskningsdag vart etablert som ein arena der alle som er interesserte i klima kan møte våre forskarar til ein uhøgtideleg ettermiddag med korte populærvitskaplege foredrag og diskusjon.
Invitasjonar gjekk ut til politikarar, næringsliv, kommune og fylkeskommune, klima- og miljøorganisasjonar og til samarbeidspartnarar i instituttsektoren. I tillegg var ein del billettar tilgjengelege i billettluka til Bergen kino, som ein del av samarbeidet med BIFF.
Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret er godt nøgd med dagen.
- Bjerknesdagen vart etter alle målestokkar ein stor suksess. Ein fullsatt sal koste seg med film og seks glitrande foredrag, før mange tok del i ein uformell samankomst på Chagall. Her gjekk praten lystig. Alle tilbakemeldingar, inkludert frå vår styreformann, har vore unisont positive. Dette skal me gjera igjen!