Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, fekk presentert funna frå elevane den 24. oktober. (Foto: Marte Garmann)

Tre vidaregåandeklassar prøvde seg som klimaforskarar

Med den nye 1.5°C-klimarapporten fra FN som bakteppe for ein verden i hurtig endring, har bergenselevar sjølve sett på korleis tre sentrale deler av klimasystemet varierer over tid. Den 24. oktober presenterte dei arbeidet for Iselin Nybø.

Body

Tre vidaregåandeklassar har i haust prøvd seg som klimaforskarar. Ved Sotra vgs, Nordahl Grieg vgs, og Amalie Skram vgs har elevar samarbeida med Bjerknessenteret for klimaforsking på kvart sitt prosjekt. Målet er å konkretisere klimaendringa for elevane, gi dei ekte data å analysere, og gi dei ein smakebit på forskarlivet.

– Alle snakkar om klimaendringane, men å bruke data sjølv er noko heilt anna, seier prosjektleiar Øyvind Paasche ved Bjerknessenteret.

– Dei får førstehandserfaring med klimasystemet!

Tre separate prosjekt

Amalie Skram vgs har undersøkt varmeinnhaldet i Grønlandshavet frå 1986-2016, i samarbeid med stipendiat Ailin Brakstad og kontaktlærar Elisabeth Engum. Basert på vertikale temperaturprofilar reknar elevane ut varmeinnhaldet, og utforskar korleis dette har endra seg sidan 1986.

Sotra vgs undersøkte smeltinga av Grønlands innlandsis, i samarbeid med forskar Anne-Katrine Faber og lærar Peter Kjepso. Dei brukte enkle modellar til å forstå kva årsakene til avsmelting er, gjennom målingar frå satelittar og værobservasjoner.

– Kunnskap frå forsking er ikkje noko vi skal halde for oss sjølv, det er noko vi må dele, seier forskar ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret, Anne-Katrine Faber.

Nordahl Grieg vgs undersøkte karbonsyklusen og CO2-utslepp, i samarbeid mellom forskar Merke Becker og lærar Arve Aksnes. Dei sat Noregs CO2-utslepp i samanheng med andre land, og vurderte kva Noreg og verda må gjere for å rekke å redusere klimagassutsleppa dei har lova å utføre.

– Sunn skepsis til etablerte sanningar har blitt noko anna

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i Hans Tank auditorium.
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i Hans Tank auditorium.

Funna vart presenterte for forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, på Bjerknesdagen for skoler i Hans Tank auditorium på Nordahl Grieg vgs den 24. oktober. Ho var imponert over det ho hadde sett:

– Dette gir meg trua på at dei som veks opp no, vil kome med nyskapande idear som kan gjere verda til ein betre stad, sa Nybø, og gjekk inn på at vi er i ei tid der mistrua mot vitskap blir sterkare.

– Den sunne skepsisen til etablerte sanningar har blitt noko anna. Vitskap og kunnskap har blitt eit spørsmål om tru. «Eg trur ikkje på menneskeskapte klimaendringar,» kan altfor mange finne på å seie. 

Deretter haldt ungdomspolitikarar frå UV, AUF, UH, og FpU ein livleg debatt om norske utslepp og kva som er viktig for å sikre ein forsvarlig klimapolitikk – med mange innspel frå salen.