Først publisert i Bergens Tidende 31. mai 2017
I skrivande stund er det berre eit rykte, men svært truverdig at Trump trekker USA ut av Parisavtalen. Det er også noko presidenten lova i sin valkamp.
Parisavtalen er viktig for verda. Den har som mål å begrense den globale oppvarminga til godt under to grader, og helst ned mot 1,5 grads oppvarming i forhold til førindustriell tid. Sidan den tid, er oppvarminga på ein grad, og me ser allereie konsekvensar av eit varmare klima. Hos oss i form av meir ekstremnedbør, i store deler av verda er mangel på vatn det store problemet.
Hausten 2014 la USA og Kina saman grunnlaget for at Parisavtalen kunne bli ein realitet. Parisavtalen er ein politisk avtale på overordna nivå med sterk symbolverdi. Når USA no trekk seg ut av avtalen, vel dei aleinegang i verdas klimapolitikk, der dei stiller på lag med til dømes Nord-Korea og krigsherja Syria. No gjeld det berre å håpe at ikkje fleire land vil følge USA.
Trass symbolverdi, det er likevel ikkje sikkert at Trump sin politikk har så mykje å seie for klimaarbeidet i verda. Stikkordet er teknologiutvikling og omstilling til rein energi.
Teknologiutviklinga går sin gang
Svært mykje av utviklinga i det grøne skiftet går på andre arenaer enn dei politiske. Tyskarane kaller det Energiwende, på norsk det grøne skiftet. Fossil energi er i ferd med å bli fossil i tydinga gamaldags. Innan fornybar energi er det Kina som har blitt det store foregangslandet. Kina gjer det ikkje berre for å vere god på klimapolitikk, dei fleste av landets storbyar slit med ekstremt luftforureining og store helsekostnadar. Overgang til vind- og solenergi og elektrifisering av transporten er noko av dei tiltaka som betrar levekåra i kinesiske byar.
Per innbyggjar er USA ein av dei verste utsleppsnasjonane i verda. Dei samla amerikanske utsleppa har gått ned sidan 2008, og lagt på eit stabilt nivå sidan 2009.
Det er ikkje sikkert at dei amerikanske utsleppa vil auke igjen sjølv om Trump trekk landet ut av Parisavtalen. Denne avtalen har stor støtte i den amerikanske befolkninga. Mykje av klimaarbeidet skjer på delstatsnivå. Den teknologiske omstillinga til fornybare energikjelder som er billegare og lettare tilgjengelege, er med på å halde etterspurnaden etter amerikansk kull nede. Sjølv om Trump vil attopne kolgruver, er det slett ikkje sikkert at presidenten er i takt med sitt folk eller med det økonomiske markedet.
Ein viktig forskningsnasjon
USA er ein ekstremt viktig forskingsnasjon, og står for storparten av verdas klimaforsking. At landet no har fått ein klimafornektar til president, har allereie ført til at klima- og miljøforskinga har blitt skadelidande. På Bjerknessenteret har vi utstrakt kontakt og samarbeid med amerikanske klimaforskingsmiljø. Mindre midlar til amerikansk klimaforsking gjer at fleire amerikanske forskarar no ser mot Europa og Asia for framtidig arbeid. På denne måten kan nedgang i USA delvis erstattast av meir forsking andre stader.
Det som blir vanskelegare å erstatte er dei viktige jordobservasjonsdata som amerikanarane står for. Klimaforskinga er avhengig av data henta inn ved hjelp av avanserte satelittar. Ein eventuell nedtrapping av amerikanske jordobservasjonsprogram vil derfor gjere det vanskelegare å drive klimaforsking også i vår del av verda.
Trump er i ferd med å gjere USA irrelevant. Dette gjer det viktigare enn nokosinne at resten av verda står ved sine lovnader slik at intensjonane i Parisavtalen vert følgt opp. Og forhåpentleg vil fornuften til sist sigra i USA.