Understanding climate
for the benefit of society

I grupper nøye samansett av deltakarar frå ulike sektorar, jobba ein i årets Klimathon med korleis å finne naturbaserte løysingar i klimatilpasningsarbeidet. Foto: Gudrun Sylte

Flaumutsett Klimathon

Flaumen på Voss vart ei tydeleg påminning om klimarisiko og kvifor ein må jobbe med klimatilpasning. 

Body

Laurdag 13. november vart Voss råka av ein ny storflom. Voss kulturhus vart igjen oversvømt, og det planlagte klimatilpasningsseminaret med 70 deltakarar frå kommunar, fylkeskommunar, forskning og privat sektor måtte finne alternativ stad å vere.

– Flommen sist helg gav ein ekstra dimensjon til arbeidet, seier Elisabeth Angell, forskar i Norce og prosjektleiar for årets Klimathon.

I år var Voss herad med på arrangørsida, med mange deltakande lokalpolitikarar. Med klimaendringane er auka risiko for flom nettopp noko vossingane må bu seg på, og finne gode løysingar på. 

Les også forskarane Øyvind Paasche og Erik Kolstad i ba.no om flaum og klimarisiko: Dette vil skje igjen, snart  

Nyttig nettverk

Klimathon er ein workshop og arbeidsseminar over to dagar, der deltakarar frå ulike sektorar saman løyser problemstillingar rundt klimatilpasning. Deltakarane har ulik erfaring og arbeidsverktøy, og rundt om i kommunane er det ofte små fagmiljø.

Målet er å bryne kunnskap på tvers av fagdisiplinar.

­­­– Det er ulik kapasitet og kompetanse på klimatilpasning rundt om i kommunane. Me ser at dei kommunane som har vore utsett for klimahendingar er meir opptatt av klimatilpasning enn andre, naturleg nok, seier Angell.

Det er i år fjerde gong Klimathon kjem i stand, og med fleire av deltakarane som har delteke tidlegare. Lene Omdahl er rådgjevar innan klimatilpasning i Vestland fylkeskommune. I første runde med Klimathon i 2018, var ho med som deltakar. Sidan har ho vore med som arrangør.

­– Klimathon har blitt ein nettverkstad for oss som jobbar med klimatilpasning. Rundt om i kommunane er det fleire som sit meir eller mindre aleine med dette arbeidet, her får me eit nettverk og fagleg påfyll, seier Omdahl.

Ei viktig side ved Klimathon er nettopp at forskarane også får tilbakemelding frå forvaltning og folk som bruker kunnskapen.

– Sidan starten i 2018 har dialogen og medverkninga mellom forskarane og brukarane blitt langt betre, seier Mathew Stiller-Reeve, som sidan starten har vore med å utvikle klimatilpasningsworkshopen.

 

Naturbaserte løysingar

Årets tema er naturbaserte løysingar som ein del av klimatilpasningsarbeid. I bakgrunnen ligg den pågåande klimakrisa og naturkrisa med tap av biomangfald. Både FNs klimapanel og det internasjonale naturpanelet gir naturbaserte løysingar ei nøkkerolle for handtering av desse utfordringane.

Naturbaserte løysingar famnar om tiltak der natur og natur-hermande innretningar er med å dempe klimarisiko. Det kan vere elverestaurering, skog som rasvern, bevaring og gjenskaping av natur.  

Regnbed og grøne tak i byar er liknande klimatiltak som er gode måtar å samle opp vatn for å hindre flom og overvatn, men ikkje rekna som eit naturbasert tiltak. I Noreg er naturbaserte løysingar hovedregeken i dei statlege retningslinene for klimatilpasning.