Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Forskar Dorothy Dankel i Grieghallen 12. desember, foran Bergen Filharmoniske Orkester. (Foto: Ole Marius Kvamme)

Neste steg: Havet – alltid i rørsle

Dorothy Dankel, fra UiB og Bergen Filharmoniske Orkester konsert om havet i Grieghallen.

Body

Høyr kva Jens Stoltenberg sa no i vår. Han var i Amerika, og ville overtyde kongressen om at samhald er viktig:

Yesterday as I flew over the Atlantic, I looked out of my window at the ocean below.
The great Ocean that lies between our two continents.
The Atlantic does not divide us.
It unites us.
It binds us together.
And for Norwegians like me, the Atlantic Ocean defines who we are.

På same måte som bølgene formar stein og strender, på same måte har havet forma oss nordmenn. Med høge fjell og djupe dalar vart fjorden og kysten viktigaste transportveg.

Havet var også vegen til verda.

Det var skipa som gjorde vikingane mektige. Det er over tusen år sidan skreien i Lofoten vart eksportvare. Egil reiste med tørrfisk til England. Og kom tilbake med "hvete, honning, vin og klæde". Men kva tenkte vikingane som trossa storm og uvær på sine tokt? Kva slags indre driv gjer at du har lyst til å ofre liv og helse til havs?

Måtte det galskap til for at Leiv Eiriksson i år 1000 steig i land i Nord-Amerika? Eller følte vikingene seg meir heime på Havet enn på garden?

Var det den same kløa som gjorde at folk sto i kø for å bli med Nansen og fryse fast i pol-isen? Ingen hadde vore der før, og ingen kunne være sikre på å kome heim igjen. Og det måtte ein dose norsk galskap til da Thor Heyerdal steig ombord i ein flåte som langsamt gjekk i oppløysing. Han beviste at forhistorisk kontakt frå Sør-Amerika til Påskeøya var mogleg.

Her heime gjorde tørrfisken Bergen til hovudstad.

På Bryggen var det eit yrande liv. Der kunne du få tak i salt, krydder og tekstilar frå andre sida av Havet. Og fisk var livsviktig for fiskarbonden. Amalie Skram skriv om korleis Sjur Gabriel måtte selje fisken billeg til kravstore koner i flotte kjolar og stilige hattar. Fisk bygde by og kultur. I dag går vi på konsert i Brislingfabrikken, og på Sildajazz.

Men Havet er fortsatt eit mysterium. NASA har lagt ein modell i 3D av heile månen på nettet, men av havbotnet har vi berre kartlagt 15%. Kvifor er det så mykje lettare å sjå opp enn å sjå ned? I djupet finst utallege skapningar, både mikroskopiske og nokre sikkert fleire meter lange, som vi ikkje kjenner til. Desse har vi aldri sett.

Ein ting er sikkert: The Ocean is the final frontier.

Har dokker sett den nye tusenlappen? På den er det berre eitt bilete: ei stormbølgje. Eit talande bilete: Det er alltid havet som har gitt velstand til Noreg. Etter fisken var det olje og gass. Pengane frå Nordsjøen gjorde Noreg til eitt av verdas beste land å leve i.

Men bølgja på tusenlappen peikar også framover. Ei bølgje er aldri den same – alltid i rørsle – den flyttar og fornyar seg, heile tida. Norsk økonomi har alltid vore blå, og no, er den blå framtida vår fornybar.

Kven er den neste oppdagaren til havs, som ber på ein uroleg viking inni seg, og som skal dra oss inn i ein ny blå epoke?

Er det deg?