Stortingspolitikarane Per Olaf Lundteigen (SP) og Kjersti Toppe (Sp) besøkte Bjerknessenteret onsdag, for ei orientering om den siste IPCC-rapporten, oversikt over forskninga på Bjerknessenteret, men ikkje minst framtidig global matvaresikkerhet.
Per Olaf Lundteigen og Kjersti Toppe møtte Eystein Jansen, Helge Drange og Tore Furevik på Bjerknessenteret onsdag. Foto: Gudrun Sylte |
Ei varmare verd kan få negative følger for matproduksjonen i verda. Med fleire graders oppvarming av kloden vil store matproduksjonsområde som i dag forsyner store delar av verda vere utsatt for ekstreme varmebølger og tørke. Dette gjeld dei mest folkerike og landbruksintensive områda i Amerika, Europa, Afrika og Asia.
Nyare forskning viser at klimaendringane allereie har negative konsekvensar for matvareproduksjonen og at desse vil bli langt meir alvorlege i framtida med fortsatt global oppvarming. Berre landbruksområde mot nord vil kome positivt ut. Men desse positive verknadene vil bli kraftig overskugga av dei negative verknadene i dei folketette områda i sør.
Senterpartipolitikarane Lundteigen og Toppe jobbar for å sikre det nasjonale landbruket, og sidan Noreg ikkje er isolert i verda, har den globale matproduksjonen og mattryggleik i eit framtidig klima også betydning for landbruket frå norsk ståstad.