Det er partnarskapsprogrammet mellom Noreg og Nordamerika som har bevilga midlar nok til å drive sommarskulen i Advanced Climate Dynamic Courses (ACDC) i fire nye år.
– Dette er veldig kjekt. Me har klart å skape oss eit godt namn, og har høgt kvalifiserte kandidatar som konkurrerer om plassane, seier Kerim Nisancioglu, leiar for ACDC.
Fra fjorårets ACDC i Friday Harbor, Seattle. Foto: David Battisti.
Kombinerer fagfelt
– Fokuset er på å utdanne nye generasjonar klimaforskarar. Me utdannar folk som forstår meir enn berre eitt fagfelt. Hos oss kan studentane kombinere fag på tvers av dei tradisjonelle fagfelta, til dømes klimadynamikk, paleoklima, geofysikk, meteorologi og oseanografi. Det er unikt, og noko som ein får lite av på universiteta, seier Nisancioglu.
Sommarskulen kombinerer også feltarbeid med undervisning. Nisancioglu som nyleg har vore på Snøhetta for å sette opp ei rekke måleinstrument for å samle data til sommarskulen seinare i august, vurderer å utvide sommarskulen til å ha eit feltkurs tidlegare på året, og sommarskule eit halvt år seinare. Slik kan kandidatane prøve seg på både teori og praksis.
Truleg Svalbard neste år
Med i den nye finansieringa har det også komme til to nye partnarar, University of Massachusetts Amherst og Memorial University of New Foundland.
Til no har sommarskulen vore arrangert annakvart år i Noreg og Nordamerika. Framover er det mogleg det blir på Svalbard, Island, Canada. Truleg blir det Svalbard neste år.