Understanding climate
for the benefit of society

Vilhelm Bjerknes-jubileum

Den 14. mars er det 150 år sidan Vilhelm Bjerknes vart fødd. Denne dagen feirar vi pioneren i moderne meteorologi, mannen Bjerknessenteret er kalla opp etter. Den 19. mars inviterer vi til gjesteforelesning med Sir Brian Hoskins, som er rekna for å vere ein av dei leiande forskarane i meteorologi i dag.

Body

Bjerknessenteret har fått namnet sitt etter både Vilhelm Bjerknes og sonen hans Jakob. Denne dagen konsentrerer vi oss om den moderne meteorologiens far, Vilhelm Friman Koren Bjerknes.

På jubileumsdagen 14. mars inviterer Bjerknessenteret, Geofysisk institutt og Vervarslinga på Vestlandet til ei open forelesing av professor emeritus i meteorologi, Sigbjørn Grønås. Grønås har tidlegare heldt og skrive fleire foredrag og artiklar om Vilhelm Bjerknes sitt virke.

Sigbjørn Grønås vil snakke om Bjerknes sin visjon om vervarsling. Denne la Bjerknes grunnlaget for i ein vitskapleg artikkel frå 1904 om problemet vervarsling, publisert i det tyske tidsskriftet Meteorologische Zeitschrift. Tidsskriftet har gjort denne artikkelen tilgjengeleg på engelsk her.

For eit par år sidan fekk Sigbjørn Grønås eit tips om ein serie på tre kronikkar som Vilhelm Bjerknes fekk publisert i Aftenposten i 1904.

– I desse kronikkane gjer Bjerknes greie for sin visjon om værvarsling. Dette var samstundes som han gav ut den vitskaplege artikkelen. Medan den vitskaplege artikkelen er kort og teknisk, utbroderer han meir i kronikkane, og med tillit til lesarens sunne fornuft, seier Grønås.

Grønås har no transkribert artiklane frå gamle bildefiler med gotisk skrift til digital tekst i dagens typografi. Kronikkane er tilgjengelege her.
 

Les Sigbjørn Grønås og Gudrun Syltes kronikk i Aftenposten 14.03.2012 her.

Geofysisk institutt har samla historia om Vilhelm Bjerknes på denne sida 


Frå erfaring til vitskap
På den tida då Vilhelm Bjerknes publiserte sin vitskaplege artikkel var vervarsling mest ein erfaringskunnskap, der ein samla inn observasjonar på bakken og prøvde å finne ut kva retning desse gjekk i.

– Det var meir basert på erfaring enn å bruke fysikkens lover, seier Grønås.

Vilhelm Bjerknes sin visjon om vervarsling gjekk i to skritt, først å skaffe observasjonar av alle lag av atmosfæren slik at ein kan beskrive alle laga på eitt tidspunkt.  Deretter rekne ut endringa frå denne tilstanden til den neste etter fysikkens lovar. Artikkelen av Vilhelm Bjerknes i 1904 byrja slik:
 

Dersom det er slik, som alle naturvitenskapelig tenkende mennesker tror, at påfølgende tilstander i atmosfæren utvikles fra den foregående i følge fysikkens lover, da er det innlysende at den nødvendige og tilstrekkelige betingelse for
en rasjonell løsning av problemet værvarsling er som følger:

1. Man må med tilstrekkelig nøyaktighet kjenne atmosfærens tilstand ved et bestemt tidspunkt.

2. Man må med tilstrekkelig nøyaktighet kjenne lovene som styrer utviklingen av atmosfæren fra en tilstand til den neste



Les meir om Vilhelm Bjerknes her.


Sir Brian Hoskins held gjesteforelesing den 19. Mars:
Bjerknessenteret, Geofysisk institutt og Vervarslinga på Vestlandet fortset feiringa av Bjerknes med ei gjesteforelesning av professor sir Brian Hoskins mandag 19. mars. Hoskins vil ta for seg Bjerknes sine fingeravtrykk i moderne klimaforskning.

Nils Gunnar Kvamstø, instituttleiar ved Geofysisk institutt, er svært nøgd ved å få Hoskins til Bergen. Hoskins er rekna som ein av dagens store forskarar innan meteorologi. Hoskins si karriere starta med ein doktorgrad om prosessane som dannar varm- og kaldfrontar i lågtrykk. Han vart kort tid etter tilsett ved Universitetet i Reading og fekk raskt ei leiande rolle ved Institutt for Meteorologi der.

– Saman med medarbeidarar og studentar har han gjort uvanleg mange kjende og ofte siterte studiar som har auka vår forståing av prosessar i atmosfæren. Dette er svært originale nybrottsarbeid som i dag står att som landemerker i faglitteraturen, seier Kvamstø.

Lågtrykk og høgtrykk er kortliva verfenomen i atmosfæren. Hoskins har levert viktige bidrag til forståinga av korleis desse kortliva fenomena i vekselverker med middeltilstanden og dei meir langsomme klimavariasjonane. Kvamstø fortel at Hoskins innan dette feltet også har utvida teorigrunnlaget og det matematiske apparatet som vert nytta i moderne forskning i meteorologi og klimadynamikk.
 
– Nettopp på grunn av Hoskins eineståande faglege innsikt og evne til å skape eit godt forskingsmiljø, har dei beste forskarane og studentane har vore tiltrekt av Hoskins sitt institutt i Reading.  Han har vore ein svært aktiv forskingsformidlar på sentrale vitskapelege konferansar. Derfrå vil mange i det internasjonale forskingsmiljøet vil kjenna han som ein entusiastisk og inspirerande foredragshaldar, seier  Nils Gunnar Kvamstø.

 

 

Hoskins om foredraget «The fingerprints of Vilhelm Bjerknes on modern climate science»:

"A discussion will be given of modern climate science, highlighting aspects of it that reflect the fundamental influence of Vilhelm Bjerknes. These include the scientific approach to prediction, the seamless nature of the weather and climate problem, and the attempt to understand phenomena based on materially conserved quantities. More generally his influence is seen in the drive to provide predictions that are of practical use to our community. "

 

Forelesinga i auditoriet på VilVitesenteret er open for alle interesserte,
Velkomen til jubileumsforedrag, 14. mars kl 13.15 og 19. mars klokka 10.15!