Understanding climate
for the benefit of society

Kan få mindre ekstremvêr i framtida

Såkalla polare lågtrykk oppstår når iskald luft frå sjøisen i Arktis trekk utover havet. Store temperaturskilnader mellom hav og luft kan skape kraftige lågtrykk, og aktiviteten er spesielt stor i Norskehavet og Barentshavet. Også Storbritannia og Danmark er godt kjent med polare lågtrykk, og dei er gjerne kjenneteikna av snøvêr.

Body

Av Kjerstin Gjengedal, På Høyden 30.03.07

Vanskeleg å varsle
Polare lågtrykk kan vere veldig kraftige, fortel Erik Kolstad, som disputerte med ei avhandling om slike lågtrykk fredag 30. mars.

– Tidlegare var varsling av polare lågtrykk eit stort problem. Dei kan oppstå brått, og dei oppstår gjerne i område der det er snautt med observasjonar. No når ein tek observasjonar med satellittar, er det blitt litt betre, hevdar han.

Meir presise varsel og betre båtar og utstyr gjer at polare lågtrykk sjeldnare fører til store ulukker.

I doktorgraden har Kolstad undersøkt nøyare kva tid på året og under kva tilhøve polare lågtrykk oppstår. Den viktigaste føresetnaden er stor temperaturskilnad mellom hav og luft, og dei oppstår difor helst om vinteren.

Neppe meir ekstremt hos oss
– Dessutan har eg sett på korleis denne parameteren vil endre seg i framtida. Svaret er at sannsynlegvis vil iskanten ved Svalbard trekke seg attende med den globale oppvarminga, og då vil dei polare lågtrykka flytte etter, fortel han.

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, altså. Men Kolstad, som har solid medierøynsle frå mellom anna Ekstremvêrveka på NRK, opplever at det kan vere vanskeleg å nå fram med ei slik melding.

– Eg snakka nyleg om dette på eit møte i Hammerfest. Der fekk eg servert påstandar som at ”vi veit jo at vêret kjem til å bli verre her i nord”. Men kva baserer ein slike påstandar på? Er det fordi dette med ekstremvêr blir opphaussa i media? funderer han.

Han nyttar orkanen Narve, som herja Nord-Noreg i januar i fjor, som døme.

– Narve var først og fremst prega av svært kald vind, men han vart likevel kopla i hop med global oppvarming. Det er heilt tydeleg at folk har teke til seg dette med at vi vil få meir ekstremvêr i framtida, og det kan nok stemme i global samanheng. Men eg kan ikkje sjå noko grunnlag for at det vil skje her hjå oss. Det er store globale skilnader, og det er ikkje sikkert at vi kjem til å oppleve det dei opplever andre stader.

Stor interesse for vêr
Kolstad meiner vi i staden vil få fleire vintrar som vi har hatt dei siste åra: milde og våte, og av og til med store mengder nedbør på kort tid.

– Til gjengjeld ser det ut til at somrane vil bli varmare, og det vil nok mange sette pris på, trur han.

Kolstad har også blogga om vêrfenomen på nettsidene til Bergens Tidende, og har nyleg gjeve ut boka Uvær, som tek for seg slikt som lågtrykk, tornadoar, flaum og anna ekstremvêr, med hovudvekt på Noreg. Han opplever at det er stor interesse for vêr generelt.

– Eg trur det framleis heng litt att, det at ein tidlegare var så avhengig av vêret, spesielt ved kysten. Var ein uheldig med vêret, kunne ein stryke med. Dessutan tykkjer eg mykje uvêr kan vere flott å sjå på, vedgår han.

Vêrvarsling i polaråret
No er han involvert i eit prosjekt i samband med det internasjonale polaråret. Prosjektet går ut på å betre varslinga av ekstremvêr som polare lågtrykk. Nye målestasjonar med ulike typar utstyr skal settast opp, og på seinvinteren neste år skal forskarane bruke nokre veker på å studere uvêr frå fly.

– Vi tek utgangspunkt i vêrvarsel og satellittfoto, og så flyg vi inn der det skjer for å gjere målingar. Eg gjorde nettopp noko tilsvarande på Island, og det var veldig interessant. Det er gjort svært få målingar av den typen. Etterpå kan vi legge målingane inn i varslingsmodellen og lage vêrvarselet på nytt, og sjå kva bidrag dei nye målingane fører til, fortel han.

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko: Erik Kolstad trur den globale oppvarminga kan gi bedre vêr i framtida. (Foto: Kjerstin Gjengedal)

Les også i BT: Venter folkebevegelse for klimaet

Les mer om avhandlingen her.