Understanding climate
for the benefit of society

Truls Johannessen tar i mot seks nye ansatte på det havtematiske senteret (OTC) i løpet av våren. Foto: Gudrun Sylte

Seks nye stillingar til havobservasjon

Truls Johannessen er direktør for det havtematiske sentertet i ICOS. No skal det tilsetjast fire nye ingeniørar og to nye forskarstillinger.

Body

I første etasje på østfløyen av Geofysisk institutt er det om dagen stor arbeidsaktivitet. Her blir det laboratorier for ICOS Noreg og det havtematiske senteret OTC (Ocean Thematic Center). I desse dagar går det ut ei utlysing på fire faste ingeniørstillingar på UiB i tilknyting til senteret.

ICOS OTC er ansvarlig for datastrømmen fra det Europeiske havnettverket. To av dei fire ingeniørane  vert knytt til  kvalitetskontroll og arkivering av datastrømmen frå havstasjonane til internasjonale databaser som SOCAT og GLODAP, og til karbonportalen i ICOS der samla data som inkluderer atmosfære og land vert offentleg tilgjengeleg.

– Me tar gjerne imot tidlegare oljeingeniørar, men me kan nok ikkje konkurrere på deira løn, seier Johannessen.

Ytterlegare ein forskarstilling skal utlysast på GFI og ein på UiB.

– Den eine postdok-stillinga skal nyttast til å koordinere havnettverket i ICOS Noreg, der førsteamanuensis Are Olsen er ansvarleg, seier Johannessen.

Nye roller

I haust signerte Miljødirektoratet Noreg si deltaking i ICOS-nettverket. Via Forskningsrådet inneber ICOS Noreg og OTC ei finansiering på litt over 96 millionar kroner til overvåkingstasjonar på land, for atmosfære og av havet. Det havtematiske senteret OTC får vel 30 millionar kroner av det totale beløpet.

ICOS er eit europeisk nettverk for overvåking av karbon og klimagassar over heile Europa. Nettverket skal produsere data av høg kvalitet av drivhusgassar i luft, i hav og på land. Slik kan ein observere klimautviklinga på kloden, drivhusgassutslepp frå ulike nasjonar og følge med på hastighet for forsuringa i verdshava. Nettverket kan også observere i kva grad ulike tiltak til reduksjon av drivhusgassutslepp verker, samt gje råd til politikarar og samfunn.

Det havtematiske senteret er organisert som eit samarbeid mellom Uni Research og UiB av forskarar i Bjerknessenteret.  Dei tre forskarane på Uni Research og Bjerknessenteret som no får nye roller i OTC, er Abdir Omar som vert nestleiar, Ingunn Skjelvan skal ha ansvar for aktivitetar faste stasjonar, og Emil Jeansson er ansvarleg for å påse at de beste prosedyrer for karbon system målingar og ”tracere” blir benyttet  på forskningsskip som følger opp faste havseksjoner.

 

Dataanalysar utan dugnad

Norge har sju stasjonar med i ICOS-nettverket. For at ein målestasjon skal få ICOS-status, er det ein god del kvalitetskriterie som må oppfyllast. Til gjengjeld vil styresmaktene sikre langsiktig finasiering. Ein av dei er ein atmosfærestasjon på Zeppelinfjellet ved Ny Ålesund, som er driven av NILU.

Denne målestasjonen kan oppdage om det skulle komme store utslipp av klimagassar som metan frå smeltande permafrost. Nettverket, alle målestasjonane og dataanalysane kan etterkvart gjere det mogleg å sjekke om dei ulike nasjonane oppfyller krava til utslepp av drivhusgassar. Ein kan gje prognoser for drivhusgassar og seie noko om tiltak virkar eller ei.

– Data me får ut av ICOS-nettverket gjer at databasar som SOCAT og GLODAP etterkvart kan lagast på profesjonelt basis, i staden for i forskerdugnadar som det i dag er, seier Johannessen.

 

 

 

 

 

Fakta

ICOS har hovudkontor i Finland. I november fekk ICOS-nettverket offisiell status som europeisk forskningsinfrastruktur. 

ICOS er et europeisk forskningsnettverk som etablerer et overvåkningssystem for å kunne spesifisere hvor mye drivhusgasser hver nasjon slipper ut. Systemet omfatter målinger på karbonkretsløpet, klimagassutslipp og atmosfæriske konsentrasjoner av klimagasser. ICOS RI integrerer overvåkningsnettverk for målinger i atmosfære, på land og til havs.

Standardiserte målinger utføres i hele Europa - på høye atmosfæriske tårn og økosystem nettsteder fra Artic til Middelhavet, samt på havet plattformer og fartøyer som dekker Nord-Atlanteren, Middelhavet og Østersjøen.

Norge er en av åtte grunnleggere av etableringen av ICOS ERIC. De øvrige medlemmene er Belgia, Frankrike, Tyskland, Italia, Nederland, Sverige og Finland, som er vertslandet til ICOS ERIC, samt Sveits som i dag har observatørstatus.