Bjerknessenteret for klimaforskning er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NORCE, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet. 

Arven etter Nansen

7 results

Verdas mest øde «heime»-kontor?

Verdas mest øde «heime»-kontor? andreasopsvik man, 05/11/2020 - 17:07 Verdas mest øde «heime»-kontor? Morven Muilwijk frysast i mai fast i isen på isbrytaren Polarstern. Der skal han vere til august.

2020 har vore eit merkeleg år for forskingstokt, og mange stader er forskingsstasjonar stengd ned, medan forskingsfartøy står i dokk og ventar på avklaringar om korleis covid-19 utviklar seg. I Polhavet utanfor Sibir hadde derimot ein båt allereie tjuvstarta, hausten 2019 lot det tyske fartøyet Polarstern seg fryse fast, for å drive med isen eitt år.

Morven Muilwijk, her frå eit tokt på Grønland. (Foto: Nicholas Rathmann)
Morven Muilwijk, her frå eit tokt på Grønland. (Foto: Nicholas Rathmann)

Den er ein del av MOSAiC, historias største polarekspedisjon, koordinert frå Alfred Wegener Institute i Tyskland. Ein av dei mange som skal vere med i løpet av dette året er Morven Muilwijk, forskar og stipendiat ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret.

– Vi har avreise frå Tyskland i midten av mai, og planleggjer å kome tilbake med neste forsyningsskip i august, skriv han frå eit rom i Bremerhaven.

Sjølv om dei alt var igang med prosjektet, er det langt frå upåvirka av koronaviruset. For tida sit Morven og resten av laget som skal vere med i karantene i Tyskland, for å vere sikre på at dei er utan symptom før reisa gjennom isen startar.

– Den planlagde mannskapsrotasjonen skulle eigentleg skje ved hjelp av fleire utanlandske isbrytarar, men også dette vart vanskeleg på grunn av reiserestriksjonar. Vi skal gå om bord på to andre forskingsskip, RV Sonne og Maria S. Meran, som skal frakte oss nærare iskanten og Svalbard. 

Polarstern skal så forlate området dei er i og kome dei to fartøya i møte.

Skal forstå dei raske klimaendringane i Polhavet

Snitt-temperaturen i Arktis går opp dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Målet med MOSAiC er å betre forstå desse raske klimaendringane i Polhavet, gjennom havis- og økosystemobservasjonar frå reisa. 

Overflatetemperaturendringar på jorda, 1970-2017 (Grafikk: NASA GISS, https://data.giss.nasa.gov/gistemp)
Overflatetemperaturendringar på jorda, 1970-2017 (Grafikk: NASA GISS, https://data.giss.nasa.gov/gistemp)

Klimamodellane er usikre i desse områda, fordi det har vore få observasjonar på vinter- og vårparten av året. Det sentrale med å strekke toktet over så lang tid, er å kunne følgje ein heil årssyklus, og bruke desse data for å forbetre klimamodellane.

– Eg er ein av fire fysiske oseanografer ombord, og vi er ansvarlege for alle målingar som har med havets fysikk å gjere. Blant anna målingar av havstraumar, temperatur og saltinnhald frå overflata under sjøisen og ned til havets botn – opptil 4000 meter djupt, seier Muilwijk.

Spesielt er dei interessert i kor mykje varme frå djupet som blandast oppover. Dette kan smelte sjøisen nedanfrå og hindre at ny sjøis veks om vinteren.

– Vi har nemlig sett at i senere år at det er ikke bare en varmere atmosfære som har bidratt til mindre sjøis i Arktis, men også varmere havstrømmer fra sør. 

Fleire hundre forskarar frå 70 forskingsinstusjonar i 19 land deltek i prosjektet, og omlag 300 av desse skal vere med på toktet.

– Vil sakne skog, fjell og grøn natur

Men kva gjer ein på eit tokt i tida ein ikkje har arbeidsoppgåver? Morven håper å utnytte den internettlause tida ombord til å lese gode bøker.

Livet på Polarstern etter kontortid. (Foto: AWI/Martin Kuensting, via CC-BY 4.0)
Livet på Polarstern etter kontortid. (Foto: AWI/Martin Kuensting, via CC-BY 4.0)

– Ein klassikar blir sjølvsagt dagboka til Nansen, sidan vi følgjer hans fotspor. Trur det blir spennande å lese den når vi faktisk er der sjølv, seier Muilwijk.

Ellers seier han at det er viktig å halde seg i god form på forskingsskip, teken i betrakting all den gode maten dei kjem til å ete. Lokalt på Polarstern er også pingpong ein mykje brukt aktivitet. Mest kjem han likevel til å sakne kjærasten, men han har med seg eit lite stykke Noreg for sikkerheits skuld:

– Eg vil sakne skog, fjell og grøn natur. Vi kjem jo ikkje til å sjå noko grønt på veldig lenge. Har difor fått med meg ein liten pose med granskudd og nåler, til å lukte på når eg saknar lukta av natur. Eg håper den varer!

I Nansens fotspor

«Fram» forlater Bergen 2. juli 1893.
«Fram» forlater Bergen 2. juli 1893.

På 1890-talet var Fridtjof Nansens mål å nå den geografiske Nordpolen med Fram. Han hadde sett at isstraumane hadde drive havarerte ekspedisjonsskip over Polhavet, og ville utnytte seg av isens retning for å få skyss dit menneske aldri hadde vore før.

Nansen nådde ikkje målet den gongen, men kom lengre nord enn nokon andre hadde vore på det tidspunktet, ved hjelp av eit hundespann. Fram vart skipet som nådde både lengst nord og lengst sør.

Der Nansens skip ein gong reiste for 127 år sidan er det no nye forskingstokt på gang. Polarstern byrja i fjor, og ankjem målet sitt i oktober 2020. Rundt rekna 390 dagar i isen, i ein snittfart på rundt sju kilometer i timen.

Toktet kan følgjast på nettsida til MOSAiC, på Instagram, og Twitter.

Kart for MOSAiC-ekspedisjonen
Kart for MOSAiC-ekspedisjonen.

 

Å forutsjå den vandrande iskanten

Å forutsjå den vandrande iskanten andreasopsvik man, 05/04/2020 - 12:34 Å forutsjå den vandrande iskanten Den arktiske sjøisen er i bevegelse heile året. Den utvidar seg til sitt ytterste i mars, og når sitt minimum i september. Variasjonane gjennom året, og frå år til år, beror på vind, vær, og havstraumane. Men Arktis er i endring. 

– Dei siste tiåra har sjøisen sakte forsvunne. Tapet er spesielt stort i Barentshavet, der nesten halvparten av sjøisen dei siste 40 åra har blitt borte, seier Jakob Dörr.

Han er ph.d.-stipendiat i Arven etter Nansen, eit stort norsk forskingsprosjekt med mål om å forstå meir om Barentshavet.

Isen, atmosfæra og havet

Ved Geofysisk institutt ved UiB og Bjerknessenteret for klimaforsking er Dörr knytta til ei forskingsgruppe som arbeider med iskantens endring, og korleis vi kan forutsjå den.

I doktorgradsavhandlinga si studerar han den naturlege variasjonen til havisen – kor mykje den endrar seg. Nokre år forsvinner havisen raskt, i andre periodar utvidar den seg. Dette er grunna interaksjonen mellom atmosfæra og havet.

Den nordatlantiske havstrømmen (NAC) tek med seg varme nordover til Barentshavet, heile vegen frå Mexico-golfen. Kor mykje varme, og intensiteten i havstraumane, varierar også frå år til år.

Atmosfæra flytter varme eller kalde luftmasser, og styrken og retninga på vinden flyttar havisen rundt. Sørlege vindar i Barentshavet vil, til dømes, flytte isen nordover. Slike bevegelsar kan skje veldig raskt.

Kva iskanten er, er ei anna historie. Ikkje ei skarp linje, som det kan høyrest ut som, men eit område meir eller mindre dekt av flak med is, definisjonane er varierte og mange.

Havisarealet i Barentshavet. Mars 2020 er det mest nylege datapunktet til høgre. (Ill.: Jakob Dörr)
Havisarealet i Barentshavet. Mars 2020 er det mest nylege datapunktet til høgre. (Ill.: Jakob Dörr)

Eksperimentering i modellane

For å forstå kor mykje desse naturlege variasjonane påverkar havisen, nytter Dörr og kollegene hans på klimamodellar. Klimamodellane inneheld ulike komponentar i det naturlege klimasystemet, deriblant mengda havis, og estimerar kor mykje isen vil endre seg basert på ulike variablar.

Når ein køyrer slike modellar gang på gang, kan ein anslå dei naturlege variasjonane i isen for framtida.

– Ved å legge til små endringar for kvar gjennomkøyring kan vi sjå kor mykje havisen endrar seg. Kvar for seg er ikkje modellkøyringane riktige, men ved å setje saman mange får vi eit godt grep om kor mykje variasjonane endrar seg, og den pågåande trenden, seier Dörr.

Og sjølv om mengda havis i nord går opp og ned, alt an på tida på året og sesongendringar, går trenden over fleire år nedover. Den arktiske havisen forsvinn, gjennom både sumaren og vinteren.

Ifølgje Jakob Dörr og kollegene hans, er den nedadgåande trenden for stor til å vere forårsaka av naturlege variasjonar, og den pågåande globale oppvarminga er den mest trulege forklaringar. Men nettop på grunn av naturlege variasjonar kan ein få veksande sjøis i periodar. Til dømes har vinterisen i Barentshavet dei fire siste åra blitt større, grunna rekordlite is i 2016. 

Isdekket i Barentshavet. (Foto: Marius Årthun)
Isdekket i Barentshavet. (Foto: Marius Årthun)

Når FF «Kronprins Haakon» legger ut fra Longyearbyen, har masterstudenten Aleksander Libæk fått hyre. Han skal hente inn data fra havstrømmer i Arktis som han skal jobbe med i årene framover. For forskerne er det bare ett problem: Isen er ikke der.

Norges forskningsråd har godkjent forskningssøknaden til Arven etter Nansen. Første tokt går 19. juli 2018 med det nye forskningsfartøyet «Kronprins Haakon».

I tre dager satt rundt åtti forskere sammen for å diskutere og forme forskningen de kommende seks-sju årene i gigantprosjektet Arven etter Nansen.